6. desember 2021

G9: storsiger i serieavslutninga

No ventar cup på Høddvoll for å runde av fotballåret.

Sist helg var Hasundgot sitt G9 på miniturnering på Larsnes. I løpet av turneringa vart det spelt seks kampar, der fire av dei enda med siger.

Dei to andre kampane enda med høvesvis uavgjort og tap – med minst mogleg margin. I begge kampane vart det dessverre eit baklengsmål heilt på tampen.

Torsdag avslutta derimot G9 ordinær sesong med eit kanonresultat, og vann heile 11-1 mot Vartdal.

No er neste på agendaen Tare Cup på Høddvoll, som vert spelt laurdag 16. oktober.

Gratulerer med vel gjennomført sesong, og lykke til på Tare Cup! 😀