23. oktober 2021

J13: Toppar tabellen med full pott!

Jentene har vunne sju av sju kampar hittil i sesongen.

Etter nedstenging og koronarestriksjonar i mange månadar har J13 endeleg fått spele ein normal haustsesong igjen.

Jentene har levert gode resultat kvar kamp, vunne 7 av 7 kampar og toppar tabellen når det står igjen 3 kampar.

Denne hausten spelar laget dobbel serie i haust, med ein heimekamp og ein bortekamp mot kvart lag.

Sesongens høgdepunkt så langt har vore 3-2-sigeren over Hødd II på heimebane i august. Neste veke ventar ny kamp mot Hødd, og jentene er klare til ein tøff kamp mot i lokaloppgjeret.

J13 har sidan i fjor trena saman med J12, og samarbeidet har vore ein kjempesuksess. Jentene har hatt stort utbytte av å kome under vingane til trenarane Arnt Ivar, Kristin og Mats.

– Til saman er treningsgruppa på heile 18 jenter, og med godt oppmøte får vi veldig gode trenningsøkter, seier trenarteamet.

Etter haustsesongen startar oppladninga til neste års Norway Cup for begge kulla, som då stiller lag i høvesvis 13- og 14-årsklassa.

Lykke til med resten av sesongen, jenter!

Resultat hittil:

  • HIL – Ørsta II 7-4
  • Gurskøy – HIL 1-3
  • HIL – Hødd II 3-2
  • Sunnylven – HIL 3-12
  • HIL – Bergsøy 8-1
  • Ørsta II – HIL 2-7
  • HIL – Gurskøy 5-0