I år har klubben jobba med prosjektet Kvalitetsklubb. No er søknaden sendt til kretsen.
Det er ganske nøyaktig eitt år sidan styret i Hasundgot IL bestemte seg for å søke kretsen om løyve til å starte ein prosess for å bli Kvalitetsklubb.
Dette er ei sertifisering av klubbar som ønsker å bidra til å utvikle tydelege verdiar, auke kompetansen og etablere ryddige strukturar slik at klubben kan tilby aktivitet med kvalitet.
Etter startskotet i fjor haust har styret og sportsleg utval dette året jobba med å arbeide fram naudsynte dokument, retningsliner og stillingsinstruksar for å møte Kvalitetsklubb-krava.
Desse dokumenta har også vore sendt ut til klubbens trenarar og lagleiarar for innspel.
No, eit par dagar før fristen 1. november, er søknaden med alle tilhøyrande dokument sendt inn til kretsen for vurdering.
Vi kryssar derfor fingrane for at alt av dokumentasjon vert vurdert som tilfredsstillande og at Hasundgot frå 2022 kan kalle seg sjølv for ein Kvalitetsklubb.
Meir informasjon kjem når avgjerda er tatt i kretsen.