Nedrykk etter siste seriekamp

Vi holdt stand lenge, men til slutt vart det tap for serievinnar Ørsta.

Utgangspunktet var veldig enkelt framom årets aller siste seriekamp: skulle vi ha ein sjanse å halde oss opp, måtte vi tap poeng borte mot Ørsta, som allereie var klare for 4.-divisjon neste sesong.

Ørsta på si side ønskte å vinne med klarast mogleg margin for å sikre seg krinsmeisterskapen framom Blindheim – som hadde like mange poeng.

Og det starta bra på Aurstad Arena, til tross for både regn, vind, hagl og haustkulde.

Ørsta fekk styre kampen mest innleiingsvis, men Hasundgot forsvarte seg godt i bakre rekke. Vertane spelte seg fram til 2-3 store sjansar først halvtimen, men sjansane vart avverja av sisteskanse Joakim Rødven.

Det var derfor eit hardt slag då Ørsta fekk tildelt eit straffespark sju minutt før pause, etter at ein ball vart klarert i opp i handa til ein uheldig forsvarar som ikkje rakk å kome seg unna tidsnok.

Frå krittmerket tok Evan Dyrhol Aambø ansvar og sette ballen sikkert i målet, før Elias Yngve Sagstad Gunneng dobla leiinga til 2-0 etter eit hjørnespark tre minutt seinare.

Hasundgot håpte å få eit betre grep om kampen etter sidebytet, og klarte å holde stand til omgangen var halvspelt. Då auka Lasse Rebbestad til 3-0, og det vart ein bratt bakke å gå for Hasundgot.

Samtidig som Blindheim leia komfortabelt heime mot Sykkylven, auka Sigurd Aarflot Sundnes leiinga til 4-0 for kvittrøyene.

Innbytar John Arne Riise Apelseth reduserte til 4-1 fem minutt seinare med eit hardt skot i nærmaste hjørne, men Ørsta hadde meir å gi i den andre enden – i jakta på krinsmeisterskapen.

På overtid plasserte Markus Halse inn kveldens siste scoring medan Hasundgot venta på eit fløytesignal, som aldri kom, for å markere frispark etter ein duell der Hasundgots toppscorar Nicolai Molvær vart liggande igjen på midtbanen med skade.

Dermed endte kampen 5-1, som betydde at Ørsta tok eit fortent krinsmeisterskap, medan det dessverre vart eit faktum at Hasundgot må ta turen ned i 6. divisjon neste sesong.

Kampfakta

5. divisjon, 11. serierunde
Ørsta – Hasundgot 5-1 (2-0)
Aurstad Arena
MÅL: 1-0 Evan Aambø (48), 2-0 Elias Gunneng (41), 3-0 Lasse Rebbestad (67), 4-0 Sigurd Sundnes (73), 4-1 John Arne Apelseth (78), 5-1 Markus Halse (90)
Dommar: Bjarte Eldar Steinsbu, Brattvåg

Hasundgot (4-5-1): Joakim Rødven – Marius Muren, Bendik Dimmen, Stian Pedersen, Nikodemus Garshol – Endre Støylen, Nicolai Molvær (K), Andreas Grimstad, Sigve Stokkevåg, Nikolai Aursnes – Cato Veien

Innbytarar: John Arne R. Apelseth, Noah Sundgot, Haakon Ringstad, Elias Aasmo