6. desember 2021

Sesongstatistikk for herrelaget 2021

Oppsummering årets sesong for herrelaget.

Det vart ein kort sesong i 2021, med berre 11 seriekampar og éin treningskamp. Etter ferdigspelt sesong hamna Hasundgot på ein 11. plass, som beklagelegvis betyr nedrykk til 6. divisjon.

Det er derimot nokre statistiske «høgdepunkt» å ta med seg frå sesongen vi har lagt bak oss.

Med sju scoringar i år har Nicolai Haddal Molvær no passert 30 scoringar for Hasundgot. Han nærmar seg også 100 kampar med berre seks kampar igjen før han rundar milepålen.

Ein som runda 100-kamparsgrensa var Sebastian Moldskred Kleven, som hadde 99 kampar før årets sesong. Med åtte kampar i år har han no kome opp i 107 kampar totalt.

Les også: Oppdatert adelskalender per 2021.

Elles var det heile 15 spelarar, dei fleste av dei under 19 år, som fekk debuten sin for seniorlaget. Fullstendig statistikk over sesongen:

Spelar Kampar Mål Gule kort
Nicolai Molvær 12 7 0
Marius Muren 12 0 1
Joakim Rødven 12 0 1
Bendik Dimmen 11 0 0
Sigve Stokkevåg 11 0 0
Noah Sundgot 10 0 1
Nikolai Aursnes 10 0 0
Sebastian Kleven 8 1 1
Elias Aasmo 8 0 0
Endre Aamodt Støylen 8 0 0
Nikodemus Garshol 8 0 1
Stian Pedersen 7 1 3
Haakon Ringstad 7 0 1
Andreas Grimstad 7 0 0
Helge Edinsen 6 0 0
Daniel Muren 6 2 1
Isak Sundgot 6 3 0
Adrian Vattøy 6 1 1
Stian Ristesund 6 1 1
Simon Spjutøy 5 0 2
Cato Veien 5 0 1
Heine Kulø 5 0 0
Ruben Muren 4 0 0
Lars Henrik Hasund 4 0 1
Even Bjåstad 3 0 1
Simon Mork 3 0 0
Kristian Sundal 3 0 0
John Arne Apelseth 3 1 0
Håvard Fiskaa 1 0 0
Sander Ringstad 1 0 0
Daniel Rokseth Skeide 1 0 0
Thomas Gjerde 1 0 0
Elias Skeide Rooney 1 0 0

Spelte kampar 2021

Tabellen (5. divisjon)

Lag S P
1 Ørsta 11 28
2 Blindheim 11 28
3 Volda 2 11 22
4 Sykkylven 11 16
5 Giske 11 15
6 Stranda 11 15
7 Vanylven 11 14
8 Aksla 11 14
9 Spjelkavik 2 11 13
10 Vigra 11 10
11 Hasundgot 11 6
12 Godøy 11 5