Ny tøff kveld då Stranda tok med seg alle tre poenga.
Ein nøkkelkamp stod for tur då Stranda kom på besøk til Hasundgot stadion torsdag kveld, der begge lag verkeleg trengte ein siger for å få litt pusterom ned til nedrykksstreken.
Hasundgot har ikkje vunne sidan opningskampen mot Vigra i august, medan Stranda ikkje hadde vunne på bortebane hittil denne hausten.
Dessverre var ikkje dette, heller, kvelden for Hasundgot.
Allereie før tre minutt var spelt fekk gjestene ballen i mål. Eit smart gjennomspel sendte Mathias Rusten gjennom i midten, og Stranda-spelaren satte ballen kontrollert inn i det lengste hjørnet.
Ein real kalddusj for Hasundgot, som no måtte jage frå første stund.
Det lugga svært mykje i innleiinga, men i det siste kvarteret av 1. omgang begynte Hasundgot å vakne litt meir. Dessverre var det ikkje nok til å kunne true målet til Raimondas Ceginskas.
Laga gjekk til pause på stilling 0-1, og det måtte rettast på i dei siste 45 minutta.
Men sjølv ikkje ei pause midtvegs var det som skulle til. Sjølv om det var ein jamn kamp, sleit vi med å skape dei store truslane framom målet til bortelaget.
Istaden kom smekk nummer to for kvelden. Eit godt forarbeid av Jonas Flo på Stranda si venstreside gjorde at angriparen fekk avslutta mot mål. Ballen sneia eine knotten til keeper Joakim Rødven, men smatt likevel inn forbi Hasundgot sin sisteskanse.
Dermed stod det 2-0 med om lag 20 minutt igjen å spele, og utgangspunktet såg tøft ut for resten av kampen.
Til tross for flust av hjørnespark mot tampen, hadde ikkje Hasundgot ei scoring i seg denne kvelden. For fjerde gong denne sesongen vart det derfor tap, og for første gong på heimebane denne sesongen vart det heller ingen scoringar.
Med tre kampar igjen er det framleis svært mykje å spele for. Avhengig av korleis det går i høvesvis Norsk Tipping-ligaen (3.divisjon) og i opprykkskampen i 4. divisjon, er det mellom mellom 2-4 lag som rykkjer ned frå årets 5.divisjon.
Kampfakta
5.divisjon, runde 19
Hasundgot – Stranda 0-2 (0-1)
Hasundgot stadion
Ca. 40 tilskodarar
Dommar: Viktor Lillebø Rongve (SIF/Hessa)
Gule kort: Lars Henrik Solheim Hasund, HIL, Robin Aal Norangshol, SIL
Hasundgot (4-4-2): Joakim Rødven – Marius Hauge Muren, Nikolai Aursnes, Lars Henrik Solheim Hasund, Nikodemus Garshol – Endre Aamodt Støylen, Nicolai Haddal Molvær (K), Sebastian Moldskred Kleven, Haakon Ringstad, Andreas Lucas Grimstad, Stian Ristesund
Innbytarar: Heine Ljones Kulø, Bendik Ringstad Dimmen, John Arne Riise Apelseth, Noah Sundgot, Elias Ringstad Aasmo, Sigve Stokkevåg, Cato Veien
Tabellen
Lag | S | P | |
---|---|---|---|
1 | Blindheim | 8 | 21 |
2 | Ørsta | 6 | 18 |
3 | Sykkylven | 8 | 13 |
4 | Aksla | 8 | 13 |
5 | Stranda | 8 | 12 |
6 | Giske | 7 | 11 |
7 | Volda 2 | 6 | 7 |
8 | Vanylven | 7 | 7 |
9 | Hasundgot | 8 | 6 |
10 | Spjelkavik 2 | 6 | 4 |
11 | Vigra | 7 | 4 |
12 | Godøy | 7 | 4 |