6. desember 2021

Gustavsen på Team Møre

Tidlegare hasundgotar tatt ut i troppen som skal møte NFF Trøndelag.

Helga 27-28. november skal Team Møre, som består av NFF Sunnmøre og NFF Nordmøre & Romsdal, møte NFF Trøndelag til fylkeskamp i Kyrksæterøra.

Dette gjeld aldersklassene 14 og 15 år, for både gutar og jenter.

Blant spelarane som er uttekne i J15-troppen, finn vi mellom anna tidlegare hasundgotar Sandra Gustavsen, som no spelar i Hødd. Sandra er dotter til Hasundgots herrelagstrenar Per Gustavsen.

Her kan du sjå uttaket til dei fire troppene til Team Møre som skal bli med til Kyrksæterøra.

Vi ønsker Sandra masse lukke til i fylkesoppgjeret mot NFF Trøndelag!