J13 på Førde Cup: – Kjempekjekk helg!

Sist helg var Hasundgot J13 på Førde Cup saman med 130 lag i ungdomsserien.

Vi reiste frå Straumane rett etter skule, og ved ankomst i Førdehuset var det servering av fredagstaco. Deretter var det berre å starte oppvarminga til første kamp som var allereie fredag kveld. Vi møtte Førde J13, og det vart dessverre tap 3-1 i første kamp.

Etter kamp installerte vi oss på Slåtten Skule, nokre minutts køyring frå Førdehuset. Her pakka vi ut luftmadrasser og soveposar, spelte kort, slappa av og førebudde oss på ein lang og innhaldsrik laurdag.

Vekkarklokka ringde kl 07:30, og dagen starta med frokost i Førdehuset og ny kamp tidlig på føremiddagen. Denne gongen vart det 4-0-siger over Askvoll og Holmedal 2.

Etterpå hadde vi nokre timar fritid som vi brukte i Førde sentrum. Jentene kosa seg på kafé og litt shopping, og fekk ei velfortjent pause etter ein god kamp. Deretter venta siste kamp i gruppespelet, og motivasjonen var på topp for å gå vidare til A- eller B-sluttspelet.

Første kamp i C-sluttspelet skulle nemleg spelast søndags morgon klokka 08:00… Jentene gjorde ein kjempeinnsats, og vann 3-1 over Bergen Nord J14!

Dermed var vi klare for A-sluttspel og kvartfinale allereie same kveld. Her skulle vi møte Blindheim J14, som tidlegare i haust vart kretsmeistrar i J15-serien her heime. Vi hadde ein god prat i garderoba, og jentene førebudde seg godt på ein kamp som vi forventa skulle bli tøff.

Blindheim gav oss sterk motstand, men Hasundgot gjorde ein kjempeinnsats i forsvar. Etter halvspelt kamp fekk dessverre Blindheim inn eit mål, men vi ga oss ikkje så lett. Slutten av kampen vart jamn, og det såg ut til å bli eit leitt 1-0-tap.

Men når det sto igjen 10 sekund av kampen utligna vi til enorm jubel på sidelinja! Det vart nokre hektiske minutt der vi måtte førebu oss på vår aller første straffesparkkonkurranse.

Vi starta med å sette ballen i mål, det same gjorde Blindheim. Ball nummer to gjekk også i mål hos begge lag. På siste og avgjerande straffe redda Blindheim skuddet vårt, mens Blindheim sette siste ball i mål.

Jentene var skuffa etter å ha tapt si aller første kvartfinale, men det kjem heldigvis nye sjansar! Etter litt pizza var humøret på vei tilbake, og når naborommet spelte opp til disco på kveldingen var det god stemning igjen.

Søndag var vi tilbake i Førdehuset og såg nokre kampar der lokale lag frå Ytre Søre spelte, før vi fekk servert lunsj og starta på heimturen.

Alt i alt var dette ei kjempekjekk helg både for barn og voksne, og vi håper at Førde Cup skal bli ein årlig tradisjon. Neste år vil vi gjerne ha med fleire lag frå Hasundgot!

Ref. trenarteamet for J13