Nikodemus autorisert som kretsdommar

Hasundgot IL har fått ein ny kretsdommar!

Sidan 2018 har det vore ein nedgang på 40 dommarar på alle nivå på Sunnmøre, men i Hasundgot går det i positiv retning.

Det var tidlegare i år at Nikodemus Garshol (midten i toppbiletet) bestod dommarrekrutteringskurset. No har Nikodemus vorte autorisert som kretsdommar av Sunnmøre Fotballkrets.

Nikodemus vert derfor Hasundgot sin fjerde kretsdommar, saman med Dagfinn Berg Tjervåg, Elling Haddal Våge og Kristian Sundal.

– Nikodemus har vore ivrig, positiv og ikkje minst læringsvillig. Dette er noko kretsen har lagt merke til, som no har gjort at han har blitt autorisert i ekspressfart. No har vi fleire klubbdommarar som vi skal jobbe med framover, og kanskje får vi nye kretsdommere til neste år?, seier dommaransvarleg i Hasundgot IL, Dagfinn Berg Tjervåg.

Tjervåg legg også til at vi har ingen aktive jente-/damedommarar i klubben. Det er derfor eit område klubben vil leggje inn ein ekstra innsats på i 2022.

Vi gratulerer Nikodemus med autoriseringa som kretsdommar!

På biletet ser vi Sigve Stokkevåg, Nikodemus Garshol og Elias Ringstad Aasmo.