Barnekreftforeninga inviterer fotball-Noreg til Fotballtrøyefredag 3. desember.
Uavhengig av kva for eit lag ditt fotballhjerte slår for, har vi bruk for ditt heiarop og di støtte!
Så enkelt er det å delta:
- Vipps 50 kroner til 705404 – Støtt kampen mot barnekreft med 50,- eller ein valfri sum, og du er med på laget!
- Ta på fotballtrøye – Ta på di favorittrøye fredag 3. desember, anten du skal på jobb, skule, i barnehagen eller vere heime i sofaen til fredagstacoen.
- Del din Fotballtrøyefredag – Hjelp oss å nå ut til endå fleire deltakarar! Del eit bilde av ditt Fotballtrøyefredag-augneblink og tagg det med #fotballtrøyefredag i sosiale medium.
Kvifor?
Barnekreftforeninga sitt mål er å samle eit stort lag med «vanlege folk», fotballentusiastar, klubbar, foreningar og bedrifter som ønsker å bli med i kampen mot barnekreft.
Få med deg familie, vener, kollegaer, lagkameratar og lagvenninner og bli med på Fotballtrøyefredag den 3. desember.
Barn har mykje dei skal oppleve. Samen kan vi komme nærmare målet om at ingen barn skal dø av kreft!
Les meir om Fotballtrøyefredag på Barnekreftforeningen si heimeside.