Som éin av fem klubbar fekk vi påskjønning for vårt dommararbeid i år.
Under den årlege fotballgallaen i Sunnmøre Fotballkret vert det delt ut fleire prisar til klubbane på Sunnmøre som har utmerka seg.
Utanom at Hasundgot offisielt fekk beviset på at vi har vorte tatt opp som Kvalitetsklubb, fekk også vi ei anna merksemd denne laurdagskvelden.
For tidlegare i haust vart det klart at Hasundgot har fått autorisert sin fjerde kretsdommar: Nikodemus Garshol.
Dette arbeidet har ikkje gått kretsen umerka, og klubben fekk tildelt kr 5.000,- i dommartilskot.
Valder var klubben som utmerka seg mest på dommarsida og fekk tildelt kr 15.000, medan Giske og Godøy delte andreplassen med kr 11.250 kvar. Brattvåg tok fjerdeplassen med kr 7.500 og Hasundgot kapra femteplassen.
Dette er andre gong på få år at vi har fått ei slik påskjønning, ettersom vi også fekk dommartilskot i 2017. Den gongen fekk vi kr 7.500,- fra kretsen.
Gratulerer med ei framragande innsats på dommarsida, og ei spesiell takk til dommaransvarleg Dagfinn Berg Tjervåg som står på for å utvikle klubben sine dommarar!