Kvalitetsklubb-søknaden er godkjend!

Kretsen har sertifisert Hasundgot som Kvalitetsklubb dei neste to åra.

I løpet av kalenderåret 2021 har Hasundgot jobba målretta mot å verte sertifisert som Kvalitetsklubb, som er ei sertifisering av Noregs Fotballforbund.

Søknaden vart levert 1. november, og under Sunnmøre Fotballkrets sin fotballgalla laurdag 4. desember vart det offisielt at Hasundgot er tatt opp som Kvalitetsklubb.

Sertifiseringa er gyldig i 2 år, altså fram til 1. november 2023. Dersom Hasundgot ønsker å behalde statusen etter dette, må klubben sende inn oppdatert dokumentasjon for å oppfylle dei gjeldande kriteria.

Styreleiar i Hasundgot, Eirik Lorentzen, seier han er stolt over at Hasundgot har vorte sertifisert som Kvalitetsklubb for aller første gong.

– Dette vil vere eit stort løft for idrettslaget. Både fordi det er eit teikn på at vi jobbar godt internt i Hasundgot, men også fordi det gir positive signal til våre medlemmer, tillitsvalde, sponsorar og andre samarbeidspartnarar, seier Lorentzen.

Hasundgot IL ønsker også å takke vår rettleiar i søknadsprosessen, Cecilie Bjørlykke, som har vore ein god og viktig støttespelar i arbeidet.

Kva er ein Kvalitetsklubb?

Å vere Kvalitetsklubb betyr at klubben har tydelege planar, stillingsinstruksar, rutinar og system på klubbdrifta.

Dette til dømes ved å ha ei oversiktleg klubbhandbok, sportsplan, rekrutteringsplan av nye årskull, plan for å rekruttere nye dommarar og rutinar for «trygge rammer» i idrettslaget.

Meir om Kvalitetsklubb-konseptet finn du her: www.hasundgot.no/kvalitetsklubb