Spelarkåring 2021

Desse vart kåra til årets spelarar i Hasundgot IL.

Sjølv om nye koronarestriksjonar la ein liten dempar på den årlege avslutningssamlinga til herrelaget, vart det likevel gjennomført ein hyggelig kveld der årets sesong vart runda av.

Som vanleg vart det spelarkåring og prisutdeling på avslutninga.

Det var allereie klart at Nicolai Haddal Molvær stakk av med prisen for Årets Toppscorar. Midtbanespelaren noterte seg for 7 scoringar i løpet av året, som var fire fleir enn nestemann på lista.

I kåringa av Årets Nykomar var det to spelarar som sanka brorparten av røystene. Veteranen Helge Edinsen var høgt oppe på lista, men var unggutten Adrian Vattøy som stakk av med dei fleste stemmene. 

Midtbanespelaren merka seg positivt ut i starten av hausten, men måtte dessverre sjå andre halvdel av sesongen frå sidelinja etter å ha fått eit brot i foten. Med ein god pre-season i vinter håper vi han plukker opp forma fra hausten!

I kåringa av Årets Spelar vart det derimot mykje jamnare. Det var totalt fire spelarar som fekk røyster for denne prisen, men av av dei 16 røysteføre sanka to spelarar inn nesten alle røystene.

Totalt blei det sju røyster kvar til høvesvis Joakim Rødven og Nicolai Molvær. Det var derfor ein delt førsteplass for første gong i manns minne.

Gratulerer til alle prisvinnarane, og lukke til med sesongen 2022!