Hasundgot får to heimekampar og éin tur til Ålesund.
I år, som i 2019, deltek Hasundgot sitt herrelag i OBOS-cup. Sist vi deltok i denne turneringa tok laget seg vidare frå gruppespelet, men vart slått ut i mellomspelet.
Denne gongen er turneringa delt inn i tre nivå, der Hasundgot er påmeld på nivå tre (med andre lag frå 6. divisjon).
Trekninga viser at vi møter eitt lag frå søre-sida og to lag frå Ålesund-sida – deriblant studentlaget frå NTNU.
Dersom Hasundgot skulle vinne si avdeling, vil det verte playoff mellom vinnar av avdeling 1 og 2 for å kome til semifinale.
Semifinalen vil verte spelt mellom vinnaren av nivå C og nivå B, som møter vinnaren av nivå A i finalen.
Finalen skal etter planen verte spelt helga 2-3. april.
Her er resten av avdelingsoppsetta.
Nivå C Avd. 1
- Emblem 2
- Hasundgot
- Moltustranda
- NTNUIÅ (NTNU i Ålesund)
Kampoppsett
LAG | DATO | Stadion |
NTNUIÅ | 17.02 | Nørvebana |
Emblem 2 | 03.03 | Hasundgot |
Moltustranda | 10.03 | Hasundgot |