Kontingentar i Hasundgot IL 2022

Informasjon om årets kontingentar i Hasundgot IL.

Kjære  eksisterande, og eventuelt nye, medlemmer,

Vi vil ønske dykk alle eit rett så godt nytt år. Forhåpentlegvis vert 2022 eit endå betre år enn det vi har lagt bak oss.

I samband med ein ny sesong, ønsker vi å dele informasjon om kontingentar i idrettslaget dette kalenderåret.

Medlemskontingent

Medlemskontingent for enkeltmedlem vert som før på kr 300,- per medlem.

Dersom du er registrert med familiemedlemskap, vert totalprisen for alle familiemedlemmer kr 600,- (uavhengig av kor mange som er registrert i ditt familiemedlemskap).

Du kan også vere medlem i Hasundgot IL utan å vere aktiv utøvar (altså eit såkalla støttemedlem).

Medlemskontingenten vert sendt ut per e-post i midten av januar.

Treningskontingent

Dersom du, eller barnet ditt, er aktiv utøvar i Hasundgot skal treningskontingent betalast. Dette kjem i tillegg til medlemskontingent. Treningskontingenten vil vere avhengig av alder.

Per 2022 er satsen for treningskontingent som følgjer:

  • 0-6 år: 0,-
  • 7-10 år: 700,-
  • 11-16 år: 900,-
  • 17 år og eldre: 2.000,-

Treningsavgifta vert sendt ut i forkant av sesongstart (rundt mars/april).

Alternativ betalingsplan og stipendavtale

I Hasundgot ønsker vi at alle skal ha like moglegheiter til å delta i vårt aktivitetstilbod.

Barn i hushald eller familiar med trong økonomi skal også få like moglegheiter til å delta. Har du utfordring med å betale medlems- og treningskontingenten ønsker Hasundgot IL å hjelpe så langt som råd.

Ta kontakt med sportsleg leiar for meir informasjon om betalings- og stipendavtalar.

Inn-/utmelding av Hasundgot IL

Dersom du ønsker å melde inn deg sjølv, eller andre i din familie, inn i idrettslaget kan du gjere dette via Min Idrett (som er Idrettsforbundet si elektroniske løysing for medlemsregister).

Skulle du ønske å endre på medlemskapet ditt (t.d. fjerne deg/ditt barn som aktiv utøvar) eller melde deg heilt ut av idrettslaget, kan du gjere via Hasundgot IL sin medlemsportal.

Ønsker du hjelp, ta gjerne kontakt med oss på sport@hasundgot.no, så skal vi gjere så godt vi kan med å hjelpe deg.