Tett kunnskapshol om antidoping

Ta nettkurset «Rein Utøvar» og lær meir om idrettens antidopingarbeid.

Alle medlemmer av Hasundgot IL er underlagt Norges Idrettsforbund sine reglar om antidoping.

No har Antidoping Norge kome med eit heilt nytt e-læringsprogram, der du kan lære meir om idrettens antidopingarbeid og reglar for antidoping.

Visste du mellom anna at doping er mykje meir enn berre å teste positivt på dopingprøve?

Set av ein halv time og ta dei fem modulane i Rein Utøvar-programmet!