Ønsker du fleire impulsar til trening? Eller vil ha oversikt over treningskvardagen?
Då bør du melde deg på Sunnmøre Fotballkrets sitt trenarforum om det digitale systemet Treningsøkta.no tysdag 25. januar.
Treningsøkta.no er eit gratis nettverktøy for trenarar -og lagleiarar som skal vere til hjelp både for logistikk og fagstoff, og er NFFs sitt offisielle verktøy for barne -og ungdomsfotballen.
Trenarforumet er ope for alle trenarar og lagleiarar i sunnmørsfotballen.
Tid og påmelding
Trenarforumet vert heldt tysdag 25. januar klokka 2030 – 2145 på TEAMS.
For å melde deg på må du fylle ut påmeldingsskjema, innan klokka 18.00 på møtedatoen.
Meir informasjon om forumet kan du lese på Sunnmøre Fotballkrets si heimeside.
Tema for kvelden
I løpet av forumet vil følgjande tema bli gått gjennom:
- Fagstoffet som ligg tilgjengeleg.
- Korleis finne fram i biblioteket innanfor aldersgrupper og ulike tema.
- Logge inn og vise det nye teikneverktøyet – lage øvelsar
- Lage treningsøkter
- Legge inn kampar