Trenarteamet for a-lag herre er klart

Per Gustavsen held fram, medan Øystein Muren gjer comeback.

Ei flott nyttårsgåve for Hasundgot er at både Per Gustavsen og Øystein Muren har signert trenarkontrakt med klubben denne sesongen.

Gustavsen er derfor klar for sin 5. strake sesong som a-lagstrenar, medan Muren gjer comeback som trenar i tospann med Gustavsen.

Muren og Gustavsen vil ha delt hovudtrenararansvar på herrelaget.

Trenarparet har allereie jobba mange år saman frå før i Hødd. Duoen sørgja også for at Hasundgot rykka opp frå 6. divisjon i 2018 og leverte ein knallsterk 5. plass i 5. divisjon i 2019.

Øvrig apparat rundt laget er framleis under planlegging.

Spele for Hasundgot i år?

Det er plass til fleire på A-lag herre i år, så dersom du ønsker å bli med på trening er det berre å ta kontakt!

Anten du ønsker å ta steg opp frå juniorfotball til seniorfotball, ønsker å starte på igjen etter nokre års pause eller nettopp har flytta til Hareidlandet, er du velkomen til å prøve deg på nokre treningar. Kanskje du er neste tilskot i troppen?

Vi startar opp med treningar så snart forholda legg til rette for god aktivitet!

Ta kontakt for meir informasjon om treningstid.

Kontaktinfo:

  • Per Gustavsen: 90700746
  • Øystein Muren: 92403367