Tusen takk til alle grasrotgivarar!

Heile 243 personar støtta Hasundgot gjennom Grasrotandelen i fjor.

I løpet av 2021 var det rekordmange som ønskte å støtte Hasundgot IL gjennom Norsk Tipping sin grasrotandel.

Heile 243 personar hadde registert idrettslaget vårt som grasrotmottakar, som er to fleire enn førre rekord frå 2019.

Totalt genererte våre grasrotgivarar 95.143,24 kroner, som er svært kjærkomne midlar for idrettslaget. Dette er også det tredje beste resultatet vi har fått gjennom Grasrotandelen.

Vi ønsker derfor å takke alle som har registrert Hasundgot som grasrotmottakar.

Kva er Grasrotandelen?

Grasrotandelen er ei ordning som gjer det mogleg for spelarar hos Norsk Tipping å gi inntil 7 % av spelinnsatsen direkte til eit lag eller ein foreining.

Spelaren vel sjølv kva lag eller foreining deira grasrotandel skal gå til.

Ein grasrotmottaker er ein eining som er registrert i frivilligheitsregisteret og eininga er eit lag eller foreining som driv på lokalt eller regionalt nivå.

Registrere deg som Grasrotgivar?

Vi er takksame for alle som ønsker å registrere Hasundgot som Grasrotmottakar. Dette kan du gjere på Norsk Tipping si heimeside.

Vi vil samtidig minne om at Norsk Tipping sine spelevettreglar:

  1. Du må være over 18 år for å spille
  2. Bestem på forhånd hvor mye du har råd til å tape
  3. Bestem på forhånd hvor mye tid du kan bruke på spill
  4. Spill ikke for mer enn du kan fortelle til familie og venner
  5. Ikke tro at du kan vinne tilbake det du har tapt
  6. Gevinst skyldes nesten alltid bare tilfeldigheter eller flaks
  7. Lån aldri penger for å spille

Statistkk grasrotandelen