6. divisjon, avdeling 3: Slik blir Hasundgot si avdeling

Sjå kven Hasundgot sitt herrelag skal møte i år.

Oppsetta for Sunnmøre Fotballkrets sine avdelingar i 6. divisjon er no klare. Også i år vert det tre avdelingar på Sunnmøre, der Hasundgot har hamna i avdeling 3.

Som tidlegare år vert det ei rein søre-avdeling i 6. divisjon, der Hasundgot får selskap av seks andre lag.

Dei andre laga i avdelinga er Bergsøy 2, Gjerdsvika, Moltustranda, Sæbø, Vartdal og Volda 3.

Kretsen har lagt opp til at det vert trippel serie, som betyr at det til saman vil verte 18 seriekampar i avdelinga.

Her kan du sjå andre påmelde lag i Avdeling 1 (Nordre) og Avdeling 2 (Ålesund-regionen).

Det er ikkje berre seriespel at Hasundgot skal delta på i år. Herrelaget deltek i årets OBOS cup, som vert spelt frå 17. februar. Finalen skal avviklast helga 1-2. april.

6. div, avd. 3

Lag S P
0 Bergsøy 2 0 0
0 Gjerdsvika 0 0
0 Hasundgot 0 0
0 Moltustranda 0 0
0 Sæbø 0 0
0 Vartdal 0 0
0 Volda 3 0 0