Før kampen: NTNUIÅ (B)

Klart for første kamp i OBOS Cup 2022.

For aller første gong i Hasundgot si historie skal vi møte NTNUIÅ til dyst torsdag kveld, når vi skal spele første gruppespelskamp i OBOS Cup 2022.

Dette er eit studentlag frå NTNU i Ålesund, som stilte i seriespel i Sunnmøre Fotballkrets for første gong i fjorårets sesong.

Studentlaget hamna i fjor på ein sterk 3. plass i 6. divisjon, avdeling 1, berre fem poeng bak suverene avdelingsvinnar Stordal/Ørskog som endte opp med å bli krinsmeister i 6. divisjon på Sunnmøre.

Torsdagens kamp blir også Hasundgot sin først kamp etter nedrykket frå 5. divisjon i fjor. Vi endte sesongen med eit leitt 5-1-tap mot Ørsta på Aurstad Arena i Ørsta.

Det vart derfor mykje fokus på formasjonstrening og ulike spelsituasjonar på siste trening før oppgjeret onsdag kveld. Denne kampen vil bli ein fin måte å sjå kvar vi ligg an i oppkøyringa til sesongen, samtidig som det vil gi gode referansar på kva nivå vi kan forvente i årets sesong.

Trenarane Per og Øystein reiser med ein tropp på 14 spelarar, og kjem truleg til å både eksperimentere litt og teste ut nye konstellasjonar. Forhåpentlegvis vert det ein god og spanande kamp!

Tidlegare OBOS cup-detaltaking

OBOS cup er ikkje ukjent område for Hasundgot, ettersom a-laget også deltok i denne turneringa i 2019.  Den gongen hamna vi i gruppe med LGFK, Giske og Åmdal.

Etter siger mot Åmdal, vart det uavgjort mot høvesvis Giske og LGFK, som sikra Hasundgot ein 2. plass i gruppa og dermed avansement til mellomspelet.

I mellomspelet vart vi trekt i gruppe med Vanylven og Langevåg. Sjølv om det vart siger mot Vanylven, endte vi likevel sist i gruppa på grunn av svakast målforskjell. Vanylven slo Langevåg, og Langevåg slo Hasundgot.

No er derimot konseptet endra, slik at heile cupen skal vere ferdigspelt til sesongen startar 20. april.

Dei to andre laga i vår avdeling er Moltustranda og Emblem 2, desse kampane skal spelast høvesvis 3. og 10. mars.

Kampfakta

OBOS Cup, nivå C, Avd. 1
NTNUIÅ – Hasundgot
Torsdag 17.02, klokka 20:15
Ratvika stadion
Dommar: Fredrik Klokk Løken, Brattvåg