Innkalling til Årsmøte 2022

Styret kaller med dette inn til årsmøte i Hasundgot IL.

Årsmøtet vert heldt på Hasundgot klubbhus 16. mars klokka 19.00. Styret tek atterhald om at årsmøtet kan verte flytta digitalt om situasjonen skulle tilseie dette.

Saker som eit medlem ønsker å handsame på årsmøtet må sendast til styret seinast innan 2. mars 2022 til post@hasundgot.no.

Fullstendig sakliste med saksdokument til årsmøtet vert lagt ut éi veke før årsmøtet. Dette vert lagt up på vår heimeside: www.hasundgot.no.

For å ha røysterett på årsmøtet, og for å vere valbar til ulike verv, må ein ha vore medlem i Hasundgot IL i minst éin månad, ha fylt minst 15 år og ha gjort opp sine økonomiske forpliktingar i idrettslaget.

Alle medlemmer har møte-, tale- og forslagsrett.

Meir informasjon om reglar om røysterett, valbarheit mm, sjå Hasundgot IL si lovnorm.

Spørsmål som gjeld årsmøtet, kan styreleiar Eirik Lorentzen kontaktast per e-post: post@hasundgot.no.

Velkommen til årsmøte!

Med venleg helsing
styret