OBOS Cup: Tapte mot NTNU-studentane

Årets første kamp for herrelaget endte med seks baklengsmål.

Torsdag kveld var det endeleg klart for ein ny kamp igjen for herrelaget. Seriespelet er framleis et par månadar unna, men i sesongoppkøyringa deltek vi i OBOS cup – ei lokal turnering for laga på Sunnmøre.

Første motstandar i turneringa var studentlaget NTNUIÅ – studentar frå NTNU i Ålesund.

Lite visste nok begge lag om kvarandre, men det la derimot ingen dempar på ein intens start på kampen.

Eit offensivt heimelag på Ratvika spelte seg fram til to gode moglegheiter i opningsminutta, men keeper Joakim Rødven farta opp med to kvalifiserte redningar for å halde buret reint.

Smultringen skulle derimot ikkje vare så veldig lenge, for etter rundt 10 minutts spel sprakk nullen for Hasundgot. Vertane rulla opp på si høgreside, og spelte «45 grader» inn i feltet. Der fekk Birk Rugland Nedrebø stå umarkert.

Angriparen kunne dermed plasserte ballen kaldt og rolig inn i det lengste hjørnet.

Hasundgot slo derimot tilbake – med litt tur. Etter eit angrep der det vart litt klabb og babb framfor feltet fekk Haakon Ringstad krangla inn 1-1 for gjestene frå Dimnøya.

Men leiinga varte ikkje lenge.

I ein uheldig situasjon der det vart kommunikasjonssvikt i det bakre leddet i Hasundgot, snappa Andreas Magne Mulelid Kvam ballen og sette inn 2-1 for heimelaget i Ålesund.

3-1 kom berre nokre få minutt seinare, etter at Illya Pekarskiy fekk tid og rom framfor målet til Hasundgot. I ein duell åleine med keeper kom Pekarskiy sigrande ut. Ballen vart stogga etter å ha gått i undersida av kroppen til Rødven, men returen sette NTNUIÅ-spelaren kontrollert i kassa.

Studentlaget gjekk derfor til pause med ei relativt komfortabel leiing, sjølv om stemninga i Hasundgot-garderoben var at det samla sett hadde vorte levert ein godkjent omgang.

Etter sidebytet vart det derimot meir avstand mellom laga. Pekarskiy teikna seg nok ein gong på scoringslista tidleg i 2. omgang, som tok mykje av lufta ut av dei kvitkledde.

Utover i omgangen sleit Hasundgot med å finne seg heilt til rette og fekk ikkje den flyt i spelet som var ønskeleg. Kampen vart også litt oppstykka då flaumlysa stoppa to gonger.

Andreas Magne Mulelid Kvam og Kristian Erik Døving Wenstrøm la på til høvesvis 5-1 og 6-1 mot slutten av kampen, før Bendik Dimmen fastsette sluttresultatet til 6-2.

Etter eit fint angrep av Hasundgot der det gjekk hurtig i lengderetning fekk Dimmen avslutta angrepet med ei kontant avslutning, som suste inn i nettmaskene.

Kampen gav nokre gode svar på kvar vi står i oppkøyringa til årets sesong, og sjølv om det var mykje positivt å hente ut frå den første omgangen ser vi også at det er eit stykke til vi er der vi ønsker å vere når sesongen vert sparka i gang 20. april.

Uansett var det godt å få ei gjennomkøyring 11v11 mot eit godt lag. No ventar ei kjekk helg der Hasundgot skal delta med to lag på Søre Cup i Ulsteinhallen.

Kampfakta

OBOS cup, runde 1
NTNUIÅ – Hasundgot 6-2 (3-1)
Ratvika
Dommar: Fredrik Klokk Løken, Brattvåg
MÅL HIL: 1-1 Haakon Ringstad, 6-2 Bendik Dimmen

Hasundgot (4-4-2): Joakim Rødven – Bendik Dimmen, Heine Kulø, Simon Spjutøy, Elias Aasmo – Endre Støylen, Nikolai Aursnes, Nicolai Molvær, Adrian Vattøy – Noah Sundgot, Haakon Ringstad

Innbytarar: John Arne Apelseth, Mats Bigset, Nikodemus Garshol