Flott siger i treningskamp mot HaNo

Det vart eit målrikt oppgjer då vi fekk besøk frå nordre.

Tidlegare denne veka vart det avtalt ein treningskamp mot Haramsøy/Nordøy, eit lag vi har lite erfaring å spele mot i nyare tid.

Det var derfor spanande å få Bryne seg på ein relativt ukjent motstandar.

Men det var gjestene frå nordre Sunnmøre som yppa seg mest i starten. Med sola i augene frå start fekk Hasundgot ei ubekvem opning, mot eit lag som pressa høgt rett ut frå startsignalet til dommar Richard Hunstad.

Likevel klarte Hasundgot å ri av stormen i innleiinga. Idet kampen nettopp hadde runda 5 minutt sette heimkomne Isak Sundgot inn 1-0 for vertane, etter eit suverent soloraid på venstrekanten.

Same mann dobla leiinga til 2-0 like etter, som eit resultat av eit glitrande angrep av Hasundgot. Spissen spelte vegg med kaptein Nicolai Molvær, som uegoistisk spelte tilbake til Sundgot i staden for å skyte sjølv.

Gjestene fekk deretter ei scoring ut av det blå då eit langskot smalt i tverrliggaren. Ballen spratt rett opp i lufta, men returen dalte rett ned i bakken, opp i nettaket og over målstreken.

Men Hasundgot gassa opp igjen og før kampen var 20 minutt gamal stod det 4-1 på måltavla.

Etterfulgt av ein periode med kjemping på midtbanen, klarte Hasundgot å presse inn både 5-1 og 6-1 før pausesignalet gjekk.

Hasundgot derfor med seg ei komfortabel leiing inn til pause, men vilkåra var klinke klare i garderoben: i andre omgang begynte kampen på 0-0 igjen.

Finspelet frå den første omgang var ikkje heilt den same etter sidebytet, og den første halvdelen av 2. omgang bølgja kampen veldig fram og tilbake.

Men så kom 7-1 i det 70. speleminuttet, og då rant det inn bakover for bortelaget. Ei effektiv angrepsrekke hogg til, og gav seg ikkje før det lyst opp 12-1 på tavla. Målscorarar vart til slutt Isak Sundgot (3), Endre Støylen (3), Noah Sundgot (2), Adrian Vattøy, Sigve Stokkevåg, Nicolai Molvær og Haakon Ringstad.

Alt i alt ei god gjennomkøyring av Hasundgot, som leverte ein god og underhaldande kamp i solvêret. No ventar ein ny tøff kamp førstkomande torsdag, når Åmdal kjem på besøk 24. mars.

Kampfakta

Treningskamp
Hasundgot – HaNo 12-1 (6-1)
Hasundgot stadion, ca. 30 tilskodarar
Dommar: Richard Hunstad, Hjørungavåg
MÅL: Isak Sundgot (3), Endre Støylen (3), Noah Sundgot (2), Adrian Vattøy, Sigve Stokkevåg, Nicolai Molvær, Haakon Ringstad

Laget (4-4-2): Joakim Rødven – Marius Muren, Ruben Muren, Nikolai Aursnes, Nikodemus Garshol – Sigve Stokkevåg, Adrian Vattøy, Nicolai Molvær, Stian Ristesund – Endre Støylen, Isak Sundgot

Innbytarar: Noah Sundgot, Andreas Grimstad, Haakon Ringstad, Bendik Dimmen