Isak tilbake – med hattrick!

Hasundgot sikra seg ein flott seksmålssiger mot MTG i OBOS Cup.

Dessverre måtte førre OBOS-cupkamp mot Emblem 2 avlysast på grunn av COVID og skadar hos Ålesund-laget. Spelarane var derfor ekstra spelesugne då dei inviterte Moltustranda/Tjørvåg/Gurskøy (MTG) på besøk i siste gruppespelskamp torsdag kveld.

Dagen før kampen fekk Hasundgot henta tilbake Isak Sundgot, som hadde signert for Hareid tidlegare i vinter. Spissen hadde eit ønske om å kome tilbake til moderklubben, og det skulle vise seg å vere positivt for begge partar.

Spissen teikna seg på scoringslista tre gonger i comebacket, og bidrog derfor sterkt til at Hasundgot fekk ein god siger mot MTG.

Scora frå corner

Men aller først starta kvelden med eit flott hjørnespark av Nikolai Aursnes, som sette ballen i mål allereie etter 5 spelte minutt.

Aursnes svinga inn corneren frå Hasundgot si venstresida, og ballen sneik seg inn i lengste hjørne. Fantastisk slått hjørnespark av den snart 18 år gamle midtbanespelaren.

Om lag fem minutt seinare teikna Sundgot seg på scoringslista for første gong etter returen til Hasundgot, etter eit flott angrep av vertane på Hasundgot stadion.

Rundt kvarteret spelt kunne spissen ha teikna seg nok ein gong på scoringslista, men denne gongen spelte han uegoistisk 45 grader inn til Nicolai Haddal Molvær som sikkert plasserte inn 3-0 for dei kvitkledde.

Redusering før pause

Hasundgot stilte i ein offensiv 3-4-3-formasjon, som gjorde at opna seg rom ute på flankane. Det fekk gjestene frå Gurskøya utnytte rundt halvtimen spelt. Bortelaget fekk vridd ballen over på si venstreside og fekk tid og rom til å skjære inn mot mål.

MTG-spelar Angel Gabriel Zarza Silva fekk via hansken til keeper Joakim Rødven banka inn redusering til 3-1, som også vart pauseresultatet.

Det var ein vekkar for Hasundgot, som ønskte å skru opp eit par hakk inn mot den andre omgangen.

Fem minutt etter sidebytet dukka Sundgot opp igjen og sette inn sitt andre for kvelden – og Hasundgot sitt fjerde i kampen.

Molvær auka leiinga til 5-1 ti minutt seinare, og då var kampen i realiteten avgjort.

Hattrick

Men Sundgot hadde eit siste mål i seg i returen til Hasundgot. Midtvegs i den 2. omgangen varta 20-åringen opp med eit lekkert soloarbeid der han dribla av keeper og sette iskaldt inn 6-1.

Punktum i kampen vart sett då innbytar Mats Bigset, via ein MTG-spelar, styrte inn 7-1 for heimelaget.

Med tre poeng i denne kampen endte derfor Hasundgot på ein soleklar 2. plass i OBOS Cup avdeling 1, nivå C.

Gruppevinnar NTNUIÅ går derfor vidare til playoff mot vinnaren av avdeling 2. Kven det blir skal avgjerast i løpet av helga, ettersom kampen melom Guard og Ellingsøy vart stoppa med 8 minutt igjen på klokka – på sillinga 5-1 til Ellingsøy. Dersom Ellingsøy scorar eitt mål til på dei åtte minutta vert dei puljevinnar, medan HaNo vinn på målskilnad dersom resultatet stoppar på 5-1.

For Hasundgot sin del vert det no to gode treningsveker i vente, før vi etter planen skal møte Åmdal i treningskamp torsdag 24. mars.

Kampfakta

OBOS Cup, runde 3
Hasundgot – MTG 7-1 (3-1)
Hasundgot stadion
Ca. 40 tilskodarar
Dommar: Amin Belmaachi, Fiskerstrand IL
MÅL: 1-0 Nikolai Aursnes (5), 2-0 Isak Sundgot (10), 3-0 Nicolai H. Molvær (15),  3-1 Angel Gabriel Zarza Silva (30), 4-1 Sundgot (50), 5-1 Molvær (60), 6-1 Sundgot (65), 7-1 sjølvmål (85)

Hasundgot (3-4-3): Joakim Rødven – Marius Hauge Muren, Heine Ljones Kulø, Nikodemus Garshol – Nicolai Haddal Molvær, Sigve Stokkevåg, Nikolai Aursnes, Adrian Bergo Vattøy – Endre Aamodt Støylen, Cato Veien, Isak Sundgot

Innbytarar: Bendik Ringstad Dimmen, Noah Sundgot, Haakon Ringstad, Elias Ringstad Aasmo, Mats Bigset, Andreas Lucas Grimstad