Tremålssiger i treningskamp mot Åmdal

God gjennomkøyring mot 5.-divisjonslaget.

Årets fjerde treningskamp, medrekna OBOS-cupkampane, vart spelt i tidvis ruskete regnvêr på Hasundgot stadion torsdag kveld.

På besøk hadde vi fått Åmdal, som er trena av tidlegare Hødd- og Hasundgot-spelar Vegard Heltne.

Åmdal rykka i fjor opp frå 6.- til 5.-divisjon, så det var ein god referanse for oss å sjå kvar vi låg i løypa fram mot sesongstart.

Etter ein jamn start på oppgjeret, fekk Hasundgot raskt kontroll på kampen på eige underlag.

YouTube: sjå høgdepunkta frå kampen!

Det heile starta etter litt miskommunikasjon i gjestene sitt forsvar. I eit forsøk på å skjerme ballen inn til keeper, klarte lynhurtige Endre Støylen å snakke ballen.

I god posisjon avslutta Støylen rett i stolpen, og ballen spratt ut i feltet igjen. Returen plukka Nicolai Haddal Molvær opp, men også han sendte ballen i treverket.

Den kvite matchballen dansa på streken, før den – med god hjelp frå bortelaget – rulla over målstreken. 1-0 til Hasundgot før kvarteret var spelt!

2-0 kom ganske raskt etterpå, etter at Isak Sundgot noterte seg for nok ei scoring i Hasundgot-trøya: hans sjuande hittil i 2022 og hans 20. totalt i Hasundgot.

Vikebladet Vestposten: Slo 5.-divisjonslag (+)

Støylen skulle også notere seg for ei scoring i 1. omgang. Etter å ha dratt seg inn frå høgrekanten sendte han av gårde eit skot som sneik seg inn i keepers venstre hjørne.

Med 3-0 til pause hadde Hasundgot ei klar målsetting om å nullstille og starte andre omgang med blanke ark, men eit lågtliggande bortelag i kombinasjon med surt og kaldt vårvêr gjorde at kampen ikkje var altfor underhaldande for dei drygt 30 frammøtte.

Det mest dramatiske å notere seg i første halvdel av andre omgang var at måltavla ikkje starta, så verken spelarar, trenarar eller tilskodarar var heilt sikre på kor mange minutt det var igjen før dei kunne søke varme innandørs igjen.

Heldigvis kom klokka i orden til slutt, og då kunne ein fastsetje at med om lag 2-3 minutt igjen før full tid fekk Åmdal ei redusering til 3-1.

Ein angripar på bakerste stolpe fekk akkurat nok tid og rom til å utfordre jubilanten Joakim Rødven, som spelte sin 200. kamp i Hasundgot denne kvelden. Duellen vant dessverre Åmdal-spelaren, som sette kontrollert inn Åmdals einaste scoring for kvelden.

Men Hasundgot skulle få seie det siste ordet i kampen. På overtid klarte ein offensiv Nikolai Aursnes å snike seg forbi eit par forsvarsspelarar, og frå tilnærma død vinkel skrudde midtbanespelaren inn 4-1 i lengste hjørne. Smått utruleg!

Det fastsette også sluttresultatet, i det som var ei god gjennomkøyring frå Hasundgot.

Dette var i utgangspunktet siste treningskamp før seriestart, men det vert jobba med å få pressa inn éin siste test før sesongen sparkast i gang mot Vartdal den 20. april.

Kampfakta

Treningskamp
Hasundgot – Åmdal 4–1 (3–0)
Hasundgot stadion
Ca. 30 tilskodarar
Dommar: Richard Martin Hunstad, Hjørungavåg IL

Mål HIL: 1–0 Nicolai Molvær (15), 2–0 Isak Sundgot (17), 3–0 Endre Støylen (35), 4–1 Nikolai Aursnes (90)

Hasundgot (4-4-2): Joakim Rødven – Marius Muren, Ruben Muren, Heine Kulø, Sigve Stokkevåg – Nikolai Aursnes, Adrian Vattøy, Nicolai Haddal Molvær, Stian Ristesund – Endre Støylen, Isak Sundgot.

Innbytarar: Nikodemus Garshol, Haakon Ringstad, Noah Sundgot, Elias Ringstad Aasmo, Bendik Dimmen, Cato Veien, Lars Henrik Hasund.

Bilete frå kampen

Denne bildekrusellen krever javaskript.