Vil du bidra på kampdag?

Vi leitar etter fleire frivillige på våre kampdagar.

På kampdagen er det ikkje berre spelarar, trenarar og lagleiarar som gjer ein viktig jobb. Ein god kamp er avhengig av eit godt team som står på utanfor banen også.

Vi ønsker derfor å rekruttere fleire frivillige til å bidra på kampdag. Dette kan til dømes vere kioskvakt, vere kampvert, drive speakerteneste eller hjelpe til med å servere frukt i garderoben til heime- og bortelag.

Har du lyst å vere med å bidra? Ta kontakt! Send oss gjerne ein e-post til sport@hasundgot.no eller eventuelt ved å sende oss ei melding på Facebook.

Her kan du lese korleis vi skal leggje til rette for god og trygg gjennomføring av heimekampar på Hasundgot stadion.