Ulstein kommune skal utgreie om Hasundgot klubbhus kan omgjerast til barnehage.
Etter planen skal Ulstein kommune handsame sak om ny barnehage i Hasund krins i juni. Fram til no har det vorte jobba med to alternativ: ny barnehage i Gjerdsbakkane eller oppgradering av eksisterande barnehage.
I kommunestyremøtet torsdag 24. mars vart det føreslått eit tredje alternativ, der Hasundgot vil tilby kommunen å kjøpe klubbhuset.
Barnehagen leiger allereie lokale i kjellaren på klubbhuset i dag, men ved eit eventuelt kjøp av klubbhuset vil kommunen ha full råderett over bygget og arealet rundt.
Dette alternativet vart vedteke utan røyster imot, der administrasjonen si tilråding var å løyve 200.000 kroner til å utgreie dette alternativet nærmare.
I tillegg vert val av alternativ for barnehage i Hasund krins også utsett til kommunestyremøtet i oktober, eller eventuelt i budsjettarbeidet 2022.
Kvifor selje klubbhuset?
Grunnen til at Hasundgot føreslår å selje klubbhuset til kommunen er at dette kan frigjere midlar til idrettslaget, som kan nyttast på idrettshall ved nabotomta.
Hasundgot IL har eit sterkt ønske om å realisere ein hall til idrettsføremål.
Dette kan gagne både vårt idrettslag og andre nærliggande klubbar som ønsker å leige banetid på vinterstid.
I tillegg til fotballbane kan også klatrevegg vere aktuelt, om dette viser seg å vere mogleg å få til innanfor den økonomiske ramma for prosjektet.
Årsmøtet i Hasundgot IL ga i mars 2022 styret løyve til å halde fram dialogen med kommunen om eit potensielt hallprosjekt.
Førebels er det framleis tidleg i prosjektfasen, så det er ingen konkrete planar om kva, når og korleis.