G13: poeng i første niarkamp

Sesongen er i gang for Hasundgot G13.

Denne sesongen har 2009-kullet tatt steget opp frå barnefotball til ungdomsfotball, som betyr at i år skal dei for første gong spele på større bane enn 7ar.

Laget er påmeld 2. divisjon i 9ar-serie, der første kamp denne sesongen vart spelt mot SIF/Hessa på bortebane.

Kampen vart spelt i går, torsdag, og etter ein godt gjennomført kamp endte kampen 1-1.

Hasundgot tok leiinga 1-0 etter 16 minutt då Sebastian Gurskevik Skeide sette ballen i mål, men heimelagets Sander Håhjem Taylor utlikna til 1-1 då kampen var 52 minutt gamal.

Det vart derfor ei broderleg fordeling av poenga, men uansett var det nok kjekt å kome i gang med årets serie.

Vi ønsker både spelarar og trenarar lykke til vidare i årets sesong!