God innsats på Eid Cup

Hasundgot J13 deltok på turnering i helga.

Laurdag 23. april reiste Jenter 13 år til Nordfjordeid for å delta i EXTRA Eid Cup.

I strålande sol og flotte speleforhold vart det spelt tre kampar mot lag frå tidlegare Sogn og Fjordane, som alle vart jamne og tette.

I første kamp vart det knipen siger 1-0 mot Førde, der Ida Marø Vågen scora kampens einaste mål.

Den påfølgande kampen mot Eid enda dessverre med tap, men mot Selje/Flataker vart det ei søsterleg fordeling av måla og kampen endte 2-2. Hasundgot sine mål vart scora av Julie Veiseth og Ida Marø Vågen.

Dette var ein god test framom seriestart, som for J13 sin del startar tysdag 3. mai borte mot SIF/Hessa.

Ref. Trenarane