Godt dommararbeid i Hasundgot!

Dommerarbeidet i Hasundgot gir positive resultat.

Vår nyaste kretsdommer, Nikodemus Garshol, vart tildelt oppdrag av Sunnmøre Fotballkrets i helga då Aaleunds FK arrangerte nasjonal eliteturnering for G16.

Deltakande lag var Bryne, Åsane, Raufoss, Mjøndalen, Kongsvinger, Molde, Aalesund og Viking, som alle var i aksjon på Color Line stadion.

Å bli tatt ut til ei slik turnering er første del av nålauget for å vere kandidat til Norcore 1, som er «stigen» til NFF i dommerutvikling for gode talent. Per i dag er ein annan Hasundgot-dommar, Elling Haddal Våge, inne i denne gruppa frå før.

Ettersom det også var 5 deltakarar frå Hasundgot på rekrutteringsdommerkurs på Høddvoll 2. april, er det god grunn til å seie at det er medvind for dommarar i Hasundgot for tida!

#ingenkamputendommer