Pangstart på sesongen då Hasundgot slo Vartdal i 1. serierunde.
Sesongoppkøyringa har vore god for Hasundgot, som har fått med seg mange positive opplevingar. Men det er først no at kampane betyr noko. Første teljande kamp var på heimebane mot fjorårets serietoar Vartdal.
Heimelaget på Hasundgot stadion fekk stort sett lov å trille ball innleiingsvis, og det skulle løne seg.
YouTube: sjå høgdepunkt frå kampen!
Allereie i det 9. speleminuttet teikna Nicolai Haddal Molvær seg på scoringslista og sørgja for ein god start for heimelaget. Ei god gjennvinning av Nikolai Aursnes gjorde at Molvær fekk god tid inne i feltet, og sette kontrollert inn 1-0 for kvittrøyene.
Same mann dobla leiinga kort tid etter, etter at midtbanespelaren raga høgast i lufta etter eit strøkent innlegg frå høgresida av Nikolai Aursnes. Molvær sette pannebrasken til og stanga ballen i ein perfekt boge over keeper og inn i det lengste hjørnet.
Før halvtimen var passert stod det plutseleg 3-0 på måltavla, etter at Molvær nok ein gong sette ballen i mål. Hasundgot-kapteinen snappa opp ein retur i etterkant av eit hardt skot av Isak Sundgot og hadde ingen problem med å setje inn kampens tredje scoring.
Eit ekte hattrick – i sin 100. kamp for Hasundgot a-lag!
Vikebladet Vestposten: Møter Vartdal (+)
Resultatet stod seg til pause i det flotte solvêret, og sjølv om dei kvitkledde ikkje var heilt nøgde med prestasjonane i den 1. omgangen var resultatet ingenting å seie på.
Likevel stod det framleis 45 minutt igjen å spele og mykje kunne skje på den tida.
Spelemessig vart det jamnare etter sidebytet, og med litt tur kunne gjestene frå Vartdal ha fått med seg ei redusering eller to.
Også Hasundgot kunne ha sett ei scoring eller to, men det mangla akkurat nokre marginar for å få pirka ballen over målstreken.
Omgangens første scoring skulle derimot, omsider, kome. Heldigvis til Hasundgot. Denne gongen var scoringa signert av unge Adrian Vattøy.
Dryge ti minutt før full tid fekk midtbanespelaren akkurat tatt med seg ballen forbi keeper og fekk dermed ein enkel jobb med å trygt plassere inn 4-0 i det opne buret.
Det såg ut til å ebbe ut i ein 4-0-siger, men etter å ha blitt tredd perfekt gjennom av Mats Bigset kunne Cato Veien setje inn kampens femte scoring inne i overtida. I nærduell med keeper fekk Veien krangla med seg ballen, og kunne setje inn ei nokså lik scoring som vårt fjerde for kvelden.
Kampen hadde også eitt siste mål i seg, og i oppgjeret sitt siste spark på ballen klarte bortelaget å presse inn ei redusering til 5-1 etter å ha straffa Hasundgot på ein overgang.
Sjølv om at smultringen sprakk i siste sekund må dette likevel seiast å vere ein flott start på årets sesong. Ein ny tøff kamp ventar derimot i neste veke, når Hasundgot tek turen til Sæbø for å kjempe om nye poeng på utebane.
Kampfakta
6. div, avd. 3
Hasundgot – Vartdal 5-1 (3-0)
Hasundgot stadion
Ca. 30 tilskodarar
Dommar: Nikolai Mork Rogne, Ørsta IL
MÅL: 1-0 Nicolai Haddal Molvær (9), 2-0 Molvær (22), 3-0 Molvær (29), 4-0 Adrian Vattøy (80), 5-0 Cato Veien (90), 5-1 Simen Vikøyr
Laget (4-4-2): Joakim Rødven – Marius Muren, Ruben Muren, Heine Kulø, Nikodemus Garshol – Sigve Stokkevåg, Adrian Vattøy, Nicolai Molvær, Stian Ristesund – Nikolai Aursnes, Isak Sundgot
Innbytarar: Bendik Ringstad Dimmen, John Arne Riise Apelseth, Noah Sundgot, Elias Ringstad Aasmo, Lars Henrik Solheim Hasund, Cato Veien, Mats Bigset