Hasundgot sigra igjen då Åmdal kom på ny visitt.
I etterkant av 4-1-sigeren mot Åmdal i slutten av mars, hadde laga avtalt å spele ein ny treningskamp rett før påske.
Planen var i utgangspunktet å spele kampen på Legene i Åmdal, men stort snøfall oppe i høgda gjorde at banen dessverre ikkje var klar til fotballkamp.
Kampen vart derfor flytta til Hasundgot stadion, som med god hjelp av eit fantastisk banemannskap og mykje sol hadde fått banen grøn og fin til oppgjeret.
Det var venta at gjestene frå Vassendgutane si heimbygd skulle stille eit noko sterkare lag til torsdagens oppgjer, og ein kunne absolutt merke at kampbiletet var mykje jamnare enn då dei møttest i slutten av mars.
Faktisk heldt oppgjeret seg mållaust heilt til kampuret, etter litt teknisk kluss, viste 35 minutt. Då vart det knuffing i Åmdal-feltet etter ein dødball, og dommar Niklas Hurlen Spets peika på straffemerket.
Toppscorar hittil i pre-season, Isak Sundgot, tok ansvar frå krittmerket og sette kontrollert inn 1-0; hans åttande scoring på fire kampar etter returen til Hasundgot i vinter!
Trass ein nokså rotete omgang, av begge lag, tok Hasundgot tok med seg ei eittmålsleiing inn til pause. Ein hadde på kjensla at kampen hadde fleire mål i seg, og den kjensla skulle slå til i 2. omgang.
Ei perfekt langpasning av høgreback Marius Muren gjekk heile vegen til målscorar Sundgot, som uegoistisk spelte «45 grader» inn til ein umarkert Nicolai Haddal Molvær. Hasundgot-kapteinen hadde ingen problem med å setje ballen inn i det opne buret.
Midtvegs i omgangen vart Hasundgot tildelt eit nytt straffespark etter ein duell mellom Molvær og Åmdals sisteskanse, der sistnevnte kom akkurat litt for seint inn i duellen.
Frå 11-meteren fekk innbytar Cato Veien ansvar for å skyte ballen i mål. Sjølv om keeper gjekk rett veg, klarte ringreven akkurat å lure ballen innunder keeper si rekkevidd. Dermed vart det 3-0 til Hasundgot med om lag 20 minutt igjen å spele.
Åmdal gjorde eit heiderleg forsøk på å presse inn ei redusering i sluttminutta, men nullen skulle for første gong denne vinteren halde seg kampen ut.
I staden vart det ei ny scoring «rette» vegen i sluttminutta. Innbytar Mats Bigset gjorde ei god gjennvinning av ballen på midtbanen, før han slo ei perfekt pasning gjennom til Molvær. 21-åringen gjorde ingen feil og sette inn 4-0 for Hasundgot.
Det vart også sluttresultatet, som må seiast å vere eit svært godt resultat mot eit lag som skal spele ein divisjon over oss denne sesongen.
Det verkar som laget er spenna klare for å gripe fatt på ein ny sesong, som startar heime mot Vartdal 20. april.
Kampfakta
Treningskamp
Hasundgot – Åmdal 4-0 (1-0)
Hasundgot stadion
Ca. 30 tilskodarar
Dommar: Niklas Hurlen Spets, Aalesunds FK
MÅL: 1-0 Isak Sundgot, 2-0 Nicolai Haddal Molvær, 3-0 Cato Veien, 4-0 Molvær
Hasundgot (4-4-2): Joakim Rødven – Marius Muren, Nikolai Aursnes, Simon Spjutøy, Nikodemus Garshol – Noah Sundgot, Adrian Vattøy, Nicolai Haddal Molvær, Sigve Stokkevåg – Endre Støylen, Isak Sundgot
Innbytarar: Heine Ljones Kulø, Cato Veien, Sondre Breyholtz, Elling Haddal Våge, Haakon Ringstad, Andreas Grimstad, Mats Bigset, Sebastian Moldskred Kleven