Skuffande bortetap på Sæbø

Sæbø avslutta kampen med ni mann, men beheldt poenga.

Heimelaget hadde laga ei fin ramme rundt deira første heimekamp for sesongen, med godt oppmøte og levande musikk frå ikkje mindre enn tre russebilar som stod ved den eine sidelinja.

Medan handheldt røyk fargela innemarsjen i raude fargar, vart det også eit forrykande spanande oppgjer for dei frammøtte.

Sjølv om det vart ein solid siger mot Vartdal sist runde, sleit Hasundgot med å få til spelet sitt innleiingsvis på Sæbø KGB. Etter å ha truga målet til keeper Joakim Rødven ved eit par gonger det første kvarteret, kom omsider scoringa.

Eit innlegg frå Sæbø si venstreside fann vegen til ringreven Bjørnar Holen, som plasserte ballen kontant i det same hjørnet som innlegget kom. 1-0 til heimelaget.

Ottar Erik Rønnekleiv dobla leiinga 20 minutt seinare då angriparen stanga eit innlegg, frå same sida, i mål frå kloss hald.

Den første halvtimen presterte Hasundgot langt under forventa nivå, men klarte å jobbe seg inn i kampen igjen dei siste 10-15 minutta av 1. omgang.

Like før pause fekk også Hasundgot endeleg nettkjenning, etter at Isak Sundgot skrudde ballen perfekt opp i det lengste hjørnet etter å ha dratt seg inn frå venstrekanten.

Etter sidebyttet klarte Hasundgot å få meir kontroll på ballen, men avslutningspresjonen var ikkje god nok til å tvinge fram ei utlikning forbi sisteskanse Richard Osnes.

I staden kom det ei ny scoring andre vegen med ti minutt igjen å spele, nok ein gong signert Holen. Spissen fekk frå skrå vinkel banka ballen inn i det lengste hjørnet.

Like etter vart det mykje å halde styr på for den unge kampleiaren. Først vart det temperatur då målscorar Holen jubla ironisk etter å ha motteke eit innkast, som dommar vurderte som usportsleg oppførsel.

Ettersom Holen hadde fått eit gult kort frå før i kampen fekk tomålsscoraren også sitt andre gule kort for kvelden og måtte dermed forlate banen tidleg.

Berre eit par minutt seinare vart Aslak Riise litt for sein inn i ei takling, som resulterte i eit nytt gult kort. Også Riise hadde blitt notert i dommarens bok tidlegare i oppgjeret, så også han måtte forlate banen før sluttsignalet.

Sæbø måtte derfor avslutte kampen med ni mann dei siste fire minutta pluss tillegg, men sjølv med undertal av spelarar klarte ikkje Hasundgot å presse fram ei redusering.

Inne i overtida sette Marius Riise inn 4-1 via stolperota og punkterte med det også kampen.

Hasundgot måtte derfor køyre tomhendte tilbake til Ulsteinvik. Ein revansjelysten gjeng ser derfor fram til kjempe om nye poeng når Moltustranda/Tjørvåg/Gurskøy (MTG) kjem på besøk onsdag 4. mai.

Kampfakta

6. div, avd. 3
Sæbø – Hasundgot 4-1 (2-1)
Sæbø KGB
Ca. 50 tilskodarar
Dommar: André Årseth, Volda TI

MÅL: 1-0 Bjørnar Holen (18), 2-0 Ottar Rønnekleiv (38), 2-1 Isak Sundgot (44), 3-1 Bjørnar Holen (80), 4-1 Marius Riise (90)

Hasundgot (4-4-2): Joakim Rødven – Marius Muren, Ruben Muren, Heine Kulø, Nikodemus Garshol – Nikolai Aursnes, Adrian Vattøy, Nicolai Molvær, Sigve Stokkevåg – Endre Støylen, Isak Sundgot

Innbytarar: Bendik Dimmen, Haakon Ringstad, Sebastian Kleven, Thomas Gjerde, Noah Sundgot, Mats Bigset