Tap i generalprøva mot Hareid

Heiderleg tap trass ein god innsats mot 4.-divisjonslaget.

Som ein siste test før seriestarten i årets 6.-divisjon fekk Hasundgot bryne seg mot eit miksa Hareid-lag.

Vertane på Hareidsmyrane fekk ein stor sjanse rett frå avspark då eit utspel frå Joakim Rødven gjekk rett i beina til Hareid, men sisteskansen fekk gjort opp for seg då han kom sigrande ut av ein 1-mot-1-duell med angripar James Sjåstad.

Sjølv om det var heimelaget som fekk holde mest i ballen innleiingsvis, var Hasundgot vel så mykje med i kampen. Både ein og to gonger kom vi farleg frampå, spesielt på vår venstreside, men også i Hareid-buret var det gode keeperprestasjonar av Herman Heimland. 

Første omgangs største sjanse kom då Nicolai Haddal Molvær spelte Nikolai Aursnes fri gjennom midtforsvaret til vertane. Aursnes kom då åleine med keeper Heimland, men i avslutningsforsøket fekk Hasundgot-spelaren akkurat ikkje nok skru på ballen. Via stolpen smatt kula på utsida av målet.

Dermed stod det 0-0 til pause, i ein tett og jamn kamp.

Etter sidebytet skrudde Hareid opp nokre hakk, men skulle slite med å få den forløysande scoringa. Rødven hadde bestemt seg for at det ikkje skulle bli noko lett sak å score denne kvelden, og noterte seg for eit par kvalifiserte redningar utover i 2. omgang.

I tillegg var stolpen på lag med Hasundgot ettersom både eit frispark suste i krysstanga og at Simon Haddal Spjutøy fekk klarert ein ball på streken etter at den hadde dulta inn i treverket.

Men til slutt skulle Hareid få nettsus. På eit hjørnespark vart ballen boksa ut i feltet av Hasundgots keeper. Ballen hamna hos Kristoffer Stranden som banka ballen inn i lengste hjørne.

Då gjekk lufta litt ut av Hasundgot, som hadde gjort ein heiderleg innsats med å halde unna i 75 minutt mot eit lag som skal spele to divisjonar over oss denne sesongen.

Kort tid etter sette William Valde Bigset inn 2-0 etter å ha snurra seg rundt på ein femøring og skrudde ballen inn i Rødvens venstre hjørne, før James Sjåstad sette inn 3-0 med eit velplassert skot etter å ha dratt seg inn frå sida.

Alt i alt var det ei god gjennomkøyring for Hasundgot, som – trass tapet – fekk god matching. No ventar ein liten pust i bakken med påskeferie, og så brakar alvoret laust onsdag 20. april når vi tek imot Vartdal til årets første seriekamp.

Kampfakta

Treningskamp
Hareid – Hasundgot 3-0 (0-0)
Hareid stadion
Dommar: Richard Hunstad, Hjørungavåg IL

Hasundgot (4-4-2): Joakim Rødven – Marius Muren, Ruben Muren, Simon Spjutøy, Nikodemus Garshol – Sigve Stokkevåg, Adrian Vattøy, Nicolai Haddal Molvær, Stian Ristesund – Isak Sundgot, Nikolai Aursnes

Innbytarar: Sebastian Moldskred Kleven, Bendik Dimmen, Noah Sundgot, Cato Veien, Mats Bigset, Elias Ringstad Aasmo