Henta opp att 0-2 til 2-2, men tapte likevel kampen.
Det har vore tre lange veker utan kampar for Hasundgots herrelag, så det var mange som gledde seg til å endeleg få spele kamp igjen då tabellnabo Bergsøy 2 kom på besøk.
Den første omgangen var derimot eit seigt skue for dei trygt 40 frammøtte på Hasundgot stadion. Ein relativt jamn kamp med mykje ballspeling gjorde at det var ein 1. omgang utan dei heilt store målsjansene.
Sjølv om Hasundgot var det farlegaste laget i brorparten av omgangen, mangla det den vesle «finishen» framfor målet til Daniel Pettersen Jøsok i Bergsøy-buret. Heimelaget hadde nok av moglegheiter til å setje ballen i mål, men anten hadde Jøsok god kontroll på avslutningane eller så gjekk ballen til side for mål.
Då skjer det som det ofte gjer når ein ikkje set ballen i mål sjølv; ein slepp inn andre vegen. Etter eit raid på side høgreside, fekk Sander Bøe slått i bakrom mot Kristoffer Dalstrøm som fekk eit ope rom å springe i.
Åleine med keeper Joakim Rødven sneik Bergsøy-spelaren seg forbi og plasserte trygt og godt inn 1-0 for gjestene – like før pause.
Eit skuffa heimemannskap ønskte å slå hardt tilbake etter sidebytet, men tidleg i den andre omgangen auka Bergsøy leiinga til 2-0 etter å ha stanga eit hjørnespark i mål.
Då vakna vertane – kanskje litt seint, men godt. Rundt halvspelt 2. omgang var Nicolai Haddal Molvær først på ein retur i etterkant av ein dødball og sette ballen inn til 1-2.
Hasundgot fekk derfor trua på at poeng var innanfor rekkevidd, og gassa ekstra på for å presse fram ei utlikning. Det skulle gi resultat; 15 minutt før full tid teikna Isak Sundgot seg på scoringslista for 13 gong denne sesongen og vipps så var stillinga 2-2 på Hasundgot stadion.
I takt med kva som stod på spel auka også temperaturen i kampen. Det forårsaka mellom anna ein situasjon der forsvarsspelar Stian Pedersen fekk ein alboge i brystet av målscorar Dalstrøm. Dette skapte sterke reaksjonar i Hasundgot-leiren, men dommar Olav Fure nøydde seg med å tildele spelaren eit gult kort for hendinga og kampen fortsatte.
Dei siste ti minutta av kampen vart det både tøffe duellar og hurtige overgangar frå begge lag. Hasundgot hadde eit ørlite overtak spelemessig, men bortelagets keeper spelte seg opp til – i alle fall – 9 på børsen og sørgja for at ingen fleire scoringar skulle kome inn denne onsdagskvelden.
Istadenfor kom det ei ny scoring i motsett ende av banen. Med eit draumetreff banka Ivan Sæther rett inn i nærmaste hjørne frå skrå vinkel.
Rett frå avspark fekk Hasundgot ein gigantisk sjanse til å slå tilbake med ein gong, etter at Rødven hadde fått lov å spasere heilt opp til midtstreken for å slå inn ballen i boksa. Ballen spratt i alle vegar inne i feltet før den hamna i beina til kaptein Molvær, som akkurat ikkje fekk stokka beina i tide.
Det endte derfor med eit svært bittert tap, som betyr at med éin kamp midre spelt enn serieleiar Sæbø ligg Hasundgot no ni poeng unna tabelltopp. Det er framleis 11 kampar igjen av årets sesong enno, så det er framleis god tid til å klarte oppover på tabellen.
Då må vi likevel starte med å ta tre nye poeng borte mot Volda 3 neste veke.
Kampfakta
6. divisjon, avd. 3
Hasundgot – Bergsøy II 2-3 (0-1)
Hasundgot stadion
Ca. 40 tilskodarar
Dommar: Olav Fure, Volda TI
Mål: 0-1 Kristoffer Dalstrøm (44), 0-2 Alfred Gjelseth (58), 1-2 Nicolai Haddal Molvær (65), 2-2 Isak Sundgot (75), 2-3 Ivan Sæther (90)
Hasundgot (4-4-2): Joakim Rødven – Marius Muren, Stian Pedersen, Thomas Gjerde, Sigve Stokkevåg – Nikolai Aursnes, Sebastian Moldskred Kleven, Nicolai Haddal Molvær, Stian Ristesund – Cato Veien, Isak Sundgot
Innbytarar: Kristian Sundal, Bendik Dimmen, Ruben Muren, Noah Sundgot, Nikodemus Garshol, Mats Bigset