Skeide tilbake i Hasundgot-trøye

29-åringen er klar for nytt comeback i Hasundgot.

Hasundgot har sikra seg signaturen til rutinerte Markus Skeide, som er klar for sitt tredje opphald i klubben etter å ha flytta heimover frå Bergen.

Skeide kom til Hasundgot først i 2010 etter å ha spelt aldersbestemt fotball i Hødd-systemet, men melde så overgang til BI Studentidrettslag då han flytta til Bergen nokre år seinare.

I løpet av sommaren 2017 hadde Skeide eit kort opphald i Hasundgot, før han returnerte til Bergen og Trott (som han då spelte for) seinare på året.

No er han klar for eit nytt opphold i den kvite og raude trøya, ettersom turen går tilbake til Sunnmøre. Skeide er ein habil forsvarsspelar, som også kan brukast lenger oppe i banen.

Hittil har Skeide spelt 57 kampar for Hasundgot, der han har scora eitt mål.

Velkomen tilbake til Hasundgot, Markus!