Tilbake på vinnarsporet mot MTG

Ny målrik kamp i årets andre heimekamp på Hasundgot stadion

Det var ein revansjelysten gjeng som inviterte til 3. serierunde på Hasundgot stadion onsdag kveld. Sist runde vart det eit skuffande bortetap mot Sæbø, der Hasundgot gjekk på eit 4-1-tap.

Også MTG har tapt mot Sæbø denne sesongen etter at samarbeidslaget gjekk på eit 4-2-tap i serieopninga mot Ørsta-laget.

Tidlegare i år vart det ein stor siger for Hasundgot mot MTG i ein gruppespelkamp i OBOS-cup. Det betydde likevel lite no når seriespelet var i gang for fullt.

Allereie tidleg i oppgjeret på Hasundgot stadion kom heimelaget godt i gang. Ei glitrande gjennombrotspasning av Nicolai Molvær gjorde at Isak Sundgot fekk forsere mot mål. Hasundgots toppscorar så langt gjorde ingen feil og sette inn 1-0 for vertane.

Vikebladet Vestposten: Klar heimesiger over MTG (+)

Same duo sørgja for at Hasundgot dobla leiinga rundt halvvegs ferdigspelt 1. omgang, og Sundgot sette inn sitt andre for dagen.

Kanskje vart vi litt for trygge i kampen, for dei neste 15-20 minutta vart det litt så som så kvalitet i presisjonen. Tempoet sakk og det vart litt meir slurv i pasningsspelet. Heldigvis fekk vi med oss ei god kjensle inn i pausa med ytterlegare to scoringar.

Saka held fram under biletet.

TRE MÅL: Isak Sundgot scora tre mål mot MTG.  FOTO: Andreas Bjerknes/Vikebladet Vestposten

Sju minutt før pause gjorde Endre Støylen ein god jobb på høgrekanten, der angriparen fekk slått hardt inn i feltet. Ballen gjekk via ein forsvarsspelar, men Sebastian Moldskred Kleven lurte i bakkant og stanga inn 3-0 for kvittrøyene.

Kleven trygga leiinga til 4-0 like før pause då han skjærte inn frå venstrekanten og banka ballen kontant i buret bak Oskar Eide Storøy.

Etter sidebytet var det om å gjere å få ei tidleg scoring for å unngå å hamne bakpå frå start, og det var nøyaktig det som skjedde.

Eit godt forarbeid av tomålsscorar Sundgot gjorde at han kom seg i god avslutningsposisjon, og avslutta sikkert i korthjørnet. 21-åringen sette med det sitt 12. mål for årets, og hans tredje denne kampen.

Derfrå og ut var det mest ein transportetappe for Hasundgot, som fekk rotert litt på laget og øvd vidare på sitt eige spel. Mykje av banespelet gjekk føre seg rundt midtbanen, utan at laga kom til så altfor mange 100-prosentsjansar.

Kampen hadde derimot eitt mål til i seg og etter å ha plukka opp ein retur på 2-3 meter hamra Hasundgot-kaptein Molvær inn kampens sjette scoring nokre minutt før full tid. Midtbanespelaren fastsette med det også sluttresultatet til 6-0.

Hasundgot fekk derfor kome seg inn på vinnarsporet igjen, noko som kjem godt med når det no vert tre veker til neste kamp…

Forhåpentlegvis får laget no eit par gode treningsveker før vi møter Bergsøy 2 til dyst på Hasundgot stadion 25. mai.

Kampfakta

6.-divisjon avdeling 3
Hasundgot – MTG 6-0 (4-0)
Hasundgot stadion
Ca. 30 tilskodarar
Dommar: Olav Fure, Volda TI

Gule kort: Tobias Larsen Sandvik, Pål Olav Myrvågnes, MTG, Nikolai Aursnes, HIL

MÅL: 1–0 Isak Sundgot (6), 2–0 Sundgot (21), 3–0 Sebastian Moldskred Kleven (38), 4–0 Kleven (45), 5–0 Sundgot (54), 6–0 Nicolai Haddal Molvær (88)

Hasundgot (4-4-2): Joakim Rødven – Marius Muren, Thomas Gjerde, Nikolai Aursnes, Bendik Ringstad Dimmen – Sigve Stokkevåg, Sebastian Moldskred Kleven, Nicolai Haddal Molvær, Adrian Bergo Vattøy – Endre Støylen, Isak Sundgot

Innbytarar: Stian Pedersen, Haakon Ringstad, Noah Sundgot, Nikodemus Garshol, Cato Veien, Mats Bigset, Lars Henrik Solheim Hasund