Tidlegare Hødd- og LGFK-keeper Simon Skeide har signert for Hasundgot.
Hasundgot har sikra seg underskrifta til den unge keeperen Simon Skeide, som har trena med laget dei siste vekene.
19-åringen har gått gradene hos aldersbestemt lag i Hødd-systemet og har mellom anna representert klubben på G19-nivå i 1. divisjon.
Hausten 2019 var Skeide på lån hos Larsnes/Gursken i 4. divisjon, der han fekk 10 kampar på seniornivå.
Sisteskansen melde så overgang på nytt til LGFK i 2021 og spelte 10 kampar for sandssokningane i fjor haust. No ønskte ungguten å melde overgang til Hasundgot for å hjelpe laget i kampen om opprykk frå 6. divisjon.
Simon er også lillebror til Markus Skeide, som melde overgang til Hasundgot tidlegare i år.
Velkomen til Hasundgot, Simon!