Sigeren sat langt inne, men på overtid losna det heldigvis.
Det hadde blitt ein god del fram og tilbake med kampen mellom Hasundgot og Vartdal, som eigentleg skulle ha blitt spelt 8. juni.
Kampen vart omsider omberamma til laurdagskamp, og samtidig byta om frå bortekamp til heimekamp for Hasundgot.
Starten på oppgjeret vart alt anna enn hyggeleg for vertane, i det vindfulle vêret på Hasundgot stadion.
YouTube: Sjå høgdepunkt frå kampen!
Eit perletreff av Vartdals Fredrik Farstad Roth gjekk i ein perfekt boge over Hasundgot-keeper Joakim Rødven og sneik seg inn i det lengste hjørnet.
Kalddusjen varte heldigvis ikkje lenge, for ei god kontring skulle resultere i ei utlikning midtvegs i omgangen.
Nicolai Molvær fekk kome i god skotposisjon på venstresida og sendte i veg eit brukbart forsøk. Ballen vart derimot redda av keeper, men som måtte gi retur. Der stod Isak Sundgot klar og plasserte kontrollert inn 1-1.
Dryge 7-8 minutt seinare var kampen snudd på hovudet då Jonas Overå fekk akkurat nok tid og rom i feltet til å stange eit hjørnespark i mål.
Dermed var Hasundgot i føringa og heldt på leiinga heilt inn til pause.
Det vart gjort nokre byte i pausen for å få friske bein inn frå starten av omgangen, men dessverre var uturen ikkje ferdig for dei kvitkledde denne laurdagsettermiddagen.
Keeperinnbytar, og debutant, Simon Skeide måtte gjere ei god redning i opningsminutta, før ei ny scoring sette ein støkk i heimelaget.
Like før timen var spelt var midtbaneankeret Stian Pedersen uheldig då han skulle klarere eit hjørnespark. Ballen gjekk i feil retning og humpa inn bak eigen keeper.
Eit hardt slag i ansiktet for Hasundgot, men med over ein halvtime igjen å spele var det mykje tid igjen til å finne leiarmålet.
Når ballen smalt i treverket heile to gonger såg det lenge ut som at det var ein typisk dag der marginane var imot, men inne i overtida skulle den forløsande scoringa kome.
Kaptein Molvær fekk rom til å avslutte mot målet til Brian Sætre, men då ballen spratt via ein Vartdal-rygg vart sisteskansen sett ut av spel. Sætre fekk ei hand på ballen, men klarte ikkje å få den under kontroll.
Ballen humpa derfor over målstreken og sørgja derfor for at stillinga plutseleg stod 3-2 til Hasundgot.
Då var det bare om å gjere å tette igjen bakover. Ein nokså frustrerande ettermiddag endte derfor godt med eit aldri så lite nødskrik.
Då står det berre att éin kamp av vårens sesong, som vert på Munkvoll gras førstkomande onsdag.
Kampfakta
6.divisjon, avd 3
Hasundgot – Vartdal 3-2 (2-1)
Hasundgot stadion
Ca. 40 tilskodarar
Dommar: Steinar Hjelle, Sunnylven
MÅL: 0-1 Fredrik Farstad Roth (7), 1-1 Isak Sundgot (25), 2-1 Jonas Overå (33), 2-2 Stian Pedersen (SM, 58), 3-2 Nicolai Molvær (90)
Hasundgot (3-5-2): Joakim Rødven – Simon Spjutøy, Markus Skeide, Thomas Gjerde – Stian Ristesund, Sebastian Kleven, Stian Pedersen, Nicolai Molvær, Daniel Rokseth Skeide – Isak Sundgot, Jonas Overå
Innbytarar: Simon Skeide, Nikodemus Garshol, Bendik Dimmen, Daniel Muren, Cato Veien, Sigve Stokkevåg