Det vart ein jamn og tett kamp mot serieleiar Sæbø.
Hittil denne sesongen hadde ingen lag klart å ta frå serieleiar Sæbø poeng. Med seks poeng opp til laget frå Ørsta kommune måtte derfor Hasundgot ta minst eitt poeng for å kunne klare å henge med i kampen om opprykk.
Men kampen fekk ein verst tenkeleg start for Hasundgot, som sleppte inn allereie i det 6. speleminuttet på Hasundgot stadion.
YouTube: Sjå høgdepunkt frå kampen!
Ringreven Bjørnar Holen klarte akkurat å lure seg fri i god posisjon framom målet til Hasundgot og lobba ballen i ein perfekt boge over keeper Joakim Rødven. 1-0 til Sæbø, i det som skulle vise seg å vere Holens siste kamp i klubben denne våren før ein overgang til 4. divisjonsklubben Hovdebygda.
Etter ein trå start begynte Hasundgot å presse seg lenger opp i banen og pressa gjestene lenger og lenger bak i banen. Dessverre sat scoringa svært langt inne i 1. omgang, slik det også gjorde førre heimekamp mot Bergsøy 2.
Sjølv om dei første 45 minutta var godkjent frå Hasundgot si side, stod det 0-1 halvvegs idet laga gjekk til pause.
Etter sidebytet låg bortelaget meir kompakt bakover innleiingsvis i omgangen, der Hasundgot stort sett fekk halde i ballen. Det glapp innimellom i dei bakre rekkene hos dei tilreisande – men framleis ingen scoring i starten.
Då var det på dødball den forløsande scoringa skulle kome. På eit hjørnespark midtvegs i 2. omgang ruva Thomas Gjerde høgast i feltet og stanga inn utlikninga på Hasundgot stadion.
Då fekk heimelaget blod på tann.
Temperatur og nerve var så definitivt til stades i kampen, og begge lag fekk kjenne på harde duellar etter kvart som kampen drog seg mot slutten.
Det var likevel Hasundgot som var nærmast scoring, der to stolpeskot sørgja for at det bokstavleg talt vart stang ut denne kvelden.
Kampen hadde ingen fleire mål i seg og kampen endte med ei broderleg fordeling av poenga. Sæbø forblir derfor på tabelltopp – 9 poeng framom høvesvis Bergsøy 2 (som har to kampar mindre spelt) og Hasundgot (som har éin kamp mindre spelt).
No står att to kampar i vårsesongen, Det er ein omberamma kamp mot Vartdal som vi forsøker å spele laurdag 18. juni på heimebane, i tillegg til MTG på Munkvoll 22. juni.
Kampfakta
6. divisjon, avd. 3
Hasundgot – Sæbø 1-1 (0-1)
Hasundgot stadion
Ca. 40 tilskodarar
Dommar: May-Brit Thue, Åheim IL
MÅL: 0-1 Bjørnar Holen (6), 1-1 Thomas Gjerde (64)
Gule kort: Gjerde, HIL, Rønnekleiv, Myklebust, Mo, SIL
Hasundgot (4-2-3-1): Joakim Rødven – Marius Muren, Thomas Gjerde, Markus Skeide, Sigve Stokkevåg – Stian Ristesund, Nicolai Haddal Molvær – Nikolai Aursnes, Sebastian Moldskred Kleven, Isak Sundgot – Cato Veien
Innbytarar: Simon Skeide, Bendik Ringstad Dimmen, Daniel Rokseth Skeide, Nikodemus Garshol, Daniel Muren, Jonas Våge Overå, Mats Bigset