Ruben Muren markerte sin 200. kamp i Hasundgot med scoring. Det gjorde også debutant Markus Skeide.
Med tap mot Bergsøy 2 var det eit revansjelystent Hasundgot som reiste til Volda stadion onsdag kveld for å kjempe om nye poeng.
Men det var inga ideell oppladning til kampen for verken heime- eller bortelaget, ettersom dommar for kvelden ikkje dukka opp.
Etter nokre hektiske minutt utan å få tak i ein kampleiar vart Hasundgot sin innbytar, og også kretsdommar, Kristian Sundal førespurt om å ta ansvar for å halde kontroll på kampen.
Begge lag syntes dette måtte vere ei grei løysing slik situasjonen vart og etter eit raskt klesskift var Sundal klar med dommarfløyta. 20-åringen fekk derfor, med rette, heiderleg omtale av speaker og applaus frå publikum for å ta jobben på sparket.
Applaus vart det også, for gjestene, tidlig i omgangen. I etterkant av eit hjørnespark etter berre 5-6 minutt fekk debutant Markus Skeide krangla inn 1-0 etter klabb og babb i Volda sitt målfelt.
Hasundgot fekk ein pangstart på kampen og hadde god kontroll innleiingsvis, men utover i omgangen vart det eit jamt og tett oppgjer. Begge lag fekk halde i ballen, men det blei med den eine scoringa før pause.
Etter sidebytet tok Volda meir over i starten av 2. omgang, men sakt og sikkert jobba Hasundgot seg inn att i kampen.
Rundt timen spelt losna det omsider for bortelaget. Nok ein gong vart det eit dødballmål, og også denne gongen vart det eit såkalla «scrappy goal». Men mål er mål, og denne gongen var det Ruben Muren som teikna seg på scoringslista.
Dette var hans 50. mål totalt i Hasundgot – i det som også var hans 200. kamp for klubben. Sterk prestasjon av 28-åringen!
Leiinga vart trygga til 3-0 berre nokre få minutt seinare då Isak Sundgot drog seg inn frå venstrekanten og banka ballen inn i korthjørnet.
Då fekk Hasundgot kampen akkurat der dei ville, og kunne berre ro sigeren i hamn.
Men Volda var ikkje heilt ufarlege dei heller. Heimelaget fekk både ei scoring annullert for offside, i tillegg til at eit skot smalt i treverket.
Det var likevel først i det 87. speleminuttet at dei skulle få nettkjenning. Eit innlegg frå heimelagets venstreside gjekk heile vegen over på bakarste stolpe, der Ali Khaldoun Alzoubi hadde kome seg fri frå markeringa.
Volda-spelaren sendte ballen tilbake i det lengste hjørnet og sørgja for ei redusering for dei grønkledde.
Scoringa vart ikkje noko meir enn ei trøystescoring, for Hasundgot heldt stand ut resten av kampen.
Det var ei viktig vitamininnsprøyting framom neste vekes bortekamp mot Vartdal, som no har begynt å samle poeng i innspurten på vårsesongen.
Kampfakta
6. divisjon, avd. 3
Volda 3 – Hasundgot 1-3 (0-1)
Volda stadion
Ca. 30 tilskodarar
Dommar: Kristian Sundal, Hasundgot IL
MÅL: 0-1 Markus Skeide (6), 0-2 Ruben Muren (63), 0-3 Isak Sundgot (66), 1-3 Ali Khaldoun Alzoubi (87)
Hasundgot (4-4-2): Joakim Rødven – Marius Muren, Markus Skeide, Thomas Gjerde, Sigve Stokkevåg – Stian Ristesund, Sebastian Kleven, Nicolai Molvær, Nikolai Aursnes – Ruben Muren, Isak Sundgot
Innbytarar: Noah Sundgot, Cato Veien, Mats Bigset, Daniel Rokseth Skeide