Med ein tremålssiger mot MTG kryp Hasundgot opp på ein førebels andreplass.
Det høyrer til sjeldanheitene å spele på grasbane i 6.-divisjon. Det var derfor uvant, men likevel kjekt, for spelarane å endeleg få spele på eit heilt anna underlag enn vanleg.
Eit litt større problem var det at vindkast opp mot tosifra meter i sekundet gjorde det krevjande å spele fotball på Munkvoll gras. Begge lag beit i seg utfordringa og gjorde det beste ut av situasjonen.
Etter å ha yppa seg frampå ved eit par høve tidlegare i kampen skulle det omsider sitje for Hasundgot. Ei god langpasning i bakrom fann vegen til Daniel Muren, som enkelt kunne setje inn 1-0 for gjestene.
Like etter dobla Hasundgot leiinga då MTG-forsvarar Daniel Banados var uheldig i eit klareringsforsøk og sendte ballen mot eige mål. På målstreken pirka Cato Veien ballen over målstreken til 2-0.
Inne i overtida sørgja Stian Pedersen for at pauseresultatet vart fastsett til 3-0, etter å ha sendt i veg eit frekt langskot som sneik seg inn i lengste stolpe.
På dette tidspunktet verka Hasundgot å ha god kontroll på kampen, men i andre omgang skulle Hasundgot møte ekstra motstand i motvind.
Det tok ikkje lang tid etter sidebytet før reduseringa til 1-3 skulle kome. Berre eit par minutt ut i omgangen vart eit innlegg frå MTG si venstreside berre halvvegs klarert og ballen spratt inn i feltet igjen.
Der stod Tobias Arnesen Tjervåg på bakerste stolpe og fekk ein enkel jobb med å plassere inn heimelagets første scoring.
Resten av omgangen bølgja fram og tilbake mellom vindkasta, men både dei kvitkledde frå Dimnøya eller heimelaget i sine burgunder drakter sleit med å finne vegen til nettmaskene.
Det såg ut til å ebbe ut i 3-1-siger til Hasundgot, men heilt på tampen sette Mats Bigset inn ei iskald avslutning i lengste stolpe. Midtbanespelaren skrudde ballen inn ved stolperota etter å ha tatt imot eit innlegg frå høgresida.
Med det fastsette Bigset sluttresultatet til 4-1, og sørgja for at Hasundgot runda av vårsesongen med ein komfortabel siger og ein førebels andreplass på tabellen.
Fem poeng ventar derimot Bergsøy 2, som Hasundgot tek imot i først kamp på hausten, som framleis har to kampar å spele før dei tek ferie. Det er mot høvesvis MTG og serieleiar Sæbø.
Skulle herøyværingane vinne sine to attverande kampar vil dei krype forbi Hasundgot igjen med eit forsprang på eitt poeng.
Kampfakta
6. divisjon, avd. 3
MTG – Hasundgot 1-4 (0-3)
Munkvoll gras
Dommar: Olav Fure, Volda TI
MÅL: 0-1 Daniel Muren (30), 0-2 Cato Veien (34), 0-3 Stian Pedersen (45), 1-3 Tobias Tjervåg (47), 1-4 Mats Bigset (90)
Hasundgot (4-3-3): Simon Skeide – Marius Muren, Markus Skeide, Simon Spjutøy, Bendik Dimmen – Stian Ristesund, Stian Pedersen, Sebastian Kleven – Daniel Muren, Ruben Muren, Daniel Rokseth Skeide
Innbytarar: Joakim Rødven, Thomas Gjerde, Sigve Stokkevåg, Nikodemus Garshol, Cato Veien, Mats Bigset
Tabellen
Lag | S | P | |
---|---|---|---|
1 | Sæbø | 7 | 19 |
2 | Hasundgot | 8 | 16 |
3 | Bergsøy 2 | 6 | 11 |
4 | Vartdal | 8 | 7 |
5 | Volda 3 | 7 | 5 |
6 | MTG | 6 | 1 |
0 * | Gjerdsvika | 0 | 0 |