Sundgot klar for Larsnes/Gursken

Hasundgots toppscorar melder overgang til sandssokningane.

Etter å ha returnert til Hasundgot i vinter etter eit kort besøk i Hareid IL, har angriparen Isak Sundgot vore i god form for moderklubben. Etter 12 spelte kampar denne sesongen har 20-åringen scora 15 mål for klubben.

No går derimot turen opp til 4.- divisjon igjen, der han skal hjelpe Larsnes/Gursken FK (LGFK) i kampen om å halde seg i 4. divisjon denne sesongen.

Sandssokningane slo seg saman med Hasundgots avdelingsrival Gjerdsvika i forkant av årets sesong, og etter ni spelte kampar ligg dei på ein førbels sisteplass med fire poeng.

I LGFK vert Isak også akkompagnert av storebror Johannes, som melde overgang til LGFK i sommar i påvente av å returnere til USA i haust for å halde fram med studiar. Den tidlegare Hødd-spelaren har sidan debuten for LGFK spelt fire kampar og scora fem mål.

Sjølv om det er svært leitt å miste toppscoraren vår, ønsker vi Isak lykke til med nye utfordringar i ny klubb.