Vinnarar av vårlotteriet 2022

Desse heldige personane vant i Hasundgot sitt lotteri denne våren.

Tidlegare denne veka vart Hasundgot sitt årlege vårlotteri trekt av økonominemnda. I alt vart det seld heile 7.497 lodd av våre dyktige medlemmer.

Med 10kr per lodd tilsvarar dette nesten 75.000 kroner i inntekt for idrettslaget, som er eit svært bra resultat!

Leiar i økonominemnda, Martin Bigset, ønsker å rette ei stor takk til alle laga som bidrog i loddsalet, spesielt eitt av laga som klarte å selje imponerande 1.274 lodd.

Hasundgot vil også takke sponsorane av årets premiar, som garantert har vore medverkande til at så mange ønskte å kjøpe lodd i år. Tusen takk for alle bidrag!

Vinnaroversikt