Positive tal då ekstraordinært årsmøte godkjente rekneskapen frå 2021.
Onsdag 29. juni heldt Hasundgot ekstraordinært årsmøte for å godkjenne reknskapen for 2021, som ikkje var ferdigstilt til idrettslaget sitt årsmøt i mars.
Det ekstraordinære årsmøtet vart gjennomført digitalt via Microsoft Teams, og i alt åtte medlemmer møtte.
Rekneskapen synte at Hasundgot hadde i 2021 eit godt økonomisk år, der inntektene auka frå året før – medan kostnadane hadde gått ned.
I løpet av året gjekk Hasundgot derfor med eit overskot på 562 308 kroner. Mykje av dette overskotet var venta, ettersom idrettslaget hadde ufakturerte sponsorinntekter i 2020 som vart fakturert i kalenderåret 2021.
Reknskapen vart einrøysta godkjent av årsmøtet.