Norway Cup-gjengen fekk sponsorbesøk

Sparebanken Møre delte ut effektar til Hasundgot sine Norway cup-lag.

Tysdag denne veka var J13, J14 og G13 samla på klubbhuset. Det nærmar seg avreise til Oslo og Norway Cup, der desse tre laga skal representere idrettslaget vårt denne sommaren.

Hasundgot sin hovudsponsor, Sparebanken Møre, var også til stade for å overrekke flotte effektar til spelarane.

I tillegg til ein overtrekksgenser fekk også spelarane sponsa ein halsbuff og skobag av banken sin utsendte representant; André Nevstad.

– Vi rettar ei stor takk til Sparebanken Møre som har vore så rause og sponsa oss med desse tinga. Dette blir satt stor pris på, seier Arnt Ivar Berg, Lisbet Overå,  Monica Garshol, Sigbjørn Skeide og Lene Bjåstad, som møtte frå støtteapparata til dei ulike laga.

Ikkje alle spelarane kunne møte på samlinga på grunn av ferie, men desse får utdelt sine effektar ved eit seinare høve.

No ser gjengen fram til å starte på Norway Cup, som går av stabelen 30. juli.

Vi ønsker J13, J14 og G13 masse lykke til med sommarens turnering!

Hasundgot sender tre lag til Norway Cup i sommar: J13, J14 og G13.