Hasundgotarar klare for Lokomotiv Oslo

Joakim Rødven og Emil Mork skal spele for Oslo-klubben «Loket» i haust.

Tidlegare i sommar vart det klart at Lokomotiv Oslo-spelar Vegard Sundgot returnerer tilbake til moderklubben.

I motsett retning går keeper Joakim Rødven, som i sommar flytta til hovudstaden på grunn av ny jobb.

Rødven har i løpet av sine elleve år som seniorspelar i Hasundgot notert seg for totalt 210 kampar, og har også scora ved eitt tilfelle.

No ventar altså nye utfordringar for sunnmørslaget Lokomotiv Oslo og kan få debuten sin for 3. laget allereie førstkomande onsdag når dei møter Korsvoll 3 på bortebane.

I tillegg har ein annan kjenning i Hasundgot-miljøet, Emil Mork, nyleg fått debuten sin for Oslo-klubben. 25-åringen har tidlegare vore ein del av Loket-gruppa, men fekk først i helga debuten sin for klubben då dei tapte 4-3 mot Nordby.

Etter å ha spelt nokre år for Hødd returnerte Emil til Hasundgot i 2015, der han produserte seks scoringar på totalt 13 kampar for a-laget. Alle kom mot høvsvis Larsnes/Gursken eller Gjerdsvika/Moltustranda. No er også han klar for å spele for Oslo-klubben i haust.

Vi ønsker Emil, Joakim og Loket lykke til i haustsesongen!