I toppkampen mot Bergsøy 2 var det Hasundgot som stakk av med poenga.
Bak serieleiar Sæbø er det tøff kamp mellom Hasundgot og Bergsøy 2 om kven som skal kjempe om ein utfordrarposisjon.
Det var derfor svært viktig for begge lag å sikre seg tre poeng då laga møttest på Havila stadion onsdag kveld.
Då laga møttest i vår vart det ein spanande kamp der Hasundgot henta opp 0-2 til 2-2, men tapte likevel på overtid.
Det var derfor ein revansjelysten gjeng som reiste til Fosnavåg denne runden – og det viste dei på banen også.
Etter ei rask kontring på høgresida fem minutt før pause fekk re-debutant Vegard Sundgot slått ei genial pasning gjennom midten. Der fekk Endre Støylen en enkel jobb med å setje inn kampens første scoring for bortelaget.
Like etter sette Stian Pedersen inn ei viktig takling på eigen 16-meter, som sørgja for at kaptein Nicolai Molvær kunne setje i gang ei skikkeleg løp.
Etter å ha krumma nakken, sprunge over heile banen, dribla av fire mann kunne midtbanespelaren kontrollert setje inn 2-0 i det venstre hjørnet. Klassescoring av 21-åringen!
Gjestene i sine grå skjorter og refleksgule shortsar tok derfor med seg ei sterk leiing inn til pause, men meir skulle det bli.
Dryge 6-7 minutt etter sidebytet slo Sundgot ei flott pasning i lengderetning mot Støylen. Denne gongen spelte Støylen usjølvisk inn i feltet, der Molvær fekk plassert ballen iskaldt oppe i det høgre hjørnet.
Ein kanonstart på omgangen, men Molvær var lysten på hausten første hattrick.
Om lag ti minutt inn i den 2. omgangen vart det ein del klabb og babb inne i Bergsøys målfelt, og ei god gjennvinning av innbytar Ruben Muren sørgja for at Molvær fekk ballen i beina på om lag tre meters hald.
Kapteinen var nådelaus og sette ballen kontant i mål – mellom beina på keeper.
Det la stort sett all tvil til side, sjølv om vertane fekk seg ei kontroversiell trøystescoring midtvegs i omgangen.
Der Hasundgot venta på eit dobbelbyte frå sidelinja slo Bergsøy eit hjørnespark inn i feltet til gjestene, der Sondre Nygård Olsen knea ballen i mål.
Trass Hasundgot sine protestar vart scoringa godkjent av kveldens dommar.
Uansett hadde ikkje denne scoringa noko anna å seie enn akademisk betydning, og kampen endte med ein knallseterk 4-1-siger til Hasundgot.
Det gjer godt for sjølvtillita inn mot toppkampen mot Sæbø neste veke.
Kampfakta
6. divisjon
Bergsøy II – Hasundgot 1-4 (0-2)
Havila stadion
Dommar: Harald Jan Ullahamar, Ellingsøy IL
Mål: 0-1 Endre Aamodt Støylen (40), 0-2 Nicolai Haddal Molvær (41), 0-3 Molvær (52), 0-4 Molvær (55), 1-4 Sondre Nygård Olsen (71)
Hasundgot (4-4-2): Simon Skeide – Markus Skeide, Even Bjåstad Aarsnes, Stian Pedersen, Daniel Rokseth Skeide – Marius Hauge Muren, Nicolai Haddal Molvær, Sebastian Moldskred Kleven, Adrian Bergo Vattøy – Endre Aamodt Støylen, Thomas Edvard Gjerde
Innbytarar: Bendik Ringstad Dimmen, Simon Haddal Spjutøy, Stian Ristesund, Haakon Ringstad, Ruben Hauge Muren, Vegard Hansen Sundgot, Nikodemus Garshol