Laurdag 24. september er det endeleg klart for Hasundgotrypa.
Dei siste to åra har Hasundgotrypa vorte avlyst på grunn av koronapandemi.
I år er heldigvis den årelange tradisjonen tilbake, og vi gler oss til eit nytt arrangement!
Årets Hasundgotrypa vil finne start laurdag 24. september.
Påmelding og klasser
Påmelding og registrering startar klokka 12:00 på løpsdagen. Påmeldingsavgifta er kr 100,- per deltakar.
I år er det mogleg å stille i følgjande to konkurranseklasser med tidtaking:
- 10km: Rundt Dimnøya (start klokka 13:00).
- 5km: Ned mot Kleven Verft (start klokka 13:00).
Det vert også mogleg å delta i følgjande mosjonsklasser utan tidtaking:
- Rundt øya: Startar å gå etter påmelding
- Fjellrute: Høgåsen – Stemnehornet – Svarane. Startar å gå etter påmelding.
Det vil verte kiosksal og aktivitetar på Hasundgot KGB for barn medan løpet pågår. Tare skal vere på stadion mellom klokka 12-13.
Premiering
Like etter løpet, når alle har kome i mål, vil det verte premiering.
I tillegg vil det verte trekning av fleire flott premiar basert på startnummer.
Vi ønsker alle hjarteleg velkomne til Hasundgot stadion – og Hasundgotrypa 2022!
Sponsorar
Vi ønsker å takke følgjande sponsorar for støtta til årets arrangement: